I denne episoden har vi snakka med Mattilsynet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Finn.no om korleis dei jobbar med tilgjengelegheitserklæring og krava til universell utforming. Bakgrunnen for samtalen er tilsynets nye rapport om kjennskap og haldningar til universell utforming, Digital inkludering i praksis – ei kartlegging av norske verksemder sitt arbeid med universell utforming.