Har Hydro forureina drikkevatnet til tusenvis av menneske, eller har dei ikkje? Brasilianske styresmakter har gitt Hydro bøter på rekke og rad, men selskapet meiner dei er uskyldige. Spørsmåla er mange, og i denne praten med Brasil-ekspert Arne Dale, vil du kunne få nokre svar. Kva skjedde eigentleg natt til 17. februar? Kva bør Hydro gjere no? Har dette noko med klimaendringar å gjere? Og kan Brasils knallharde reaksjon vere eit «takk for sist» etter at president Temer fekk kritikk då han besøkte Oslo i fjor?