Det blei ei dramatisk veke for Åsane og Bergen. Bystyret stemte for bybanetrasé gjennom tunnel frå sentrum, og byrådet svara med å gå av. Men kva skjer no? Me i redaksjonen oppsummerer dramatikken frå onsdagens bystyremøte og vegen vidare. I tillegg møter du 17 år gamle Savanna Duffy som i år blei førstekeeper på Åsane damer. Sjølv om laget ikkje klarte å rykke opp til Toppserien, har keeperen hatt ein fantastisk sesong, med både landslagsuttak og nominasjonar. Høyr kva ho og trenar Eirik Fjeldstad meiner om sesongen og framtida til Duffy og laget.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.