Nynorsk no

Festspelpodden: Stormfulle høgder


Listen Later

I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Ragnar Hovland og Øystein Vidnes som har gjendikta klassikaren «Stormfulle høgder», skriven av Emily Brontë. Anna Kleiva tek oss med inn i prosessen og gjer oss betre kjend med boka.

Kleiva møtte Ragnar Hovland i studio i Oslo, medan Vidnes blei kopla på frå kontoret sitt i Leikanger.

Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman. Les meir hos Allkunne.

Øystein Vidnes (f. 1976) er forfattar og formgivar, omsetjar og bokmeldar. Bøkene hans har ein humoristisk og eksperimentell stil, på grensa til det surrealistiske. Les meir hos Allkunne.

Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar, og ho har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme. I samband med Digitale festspel 2020 vil ho leie samtalen i to podkastar.

Digitale festspel 2020 held fram til om lag 10. juli. Nye innslag blir publisert kvar veke på nynorsk.no, og du kan sjekke ut programmet når det passar for deg.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Nynorsk noBy Nynorsk kultursentrum


More shows like Nynorsk no

View all
Norskpodden by Lingu

Norskpodden

23 Listeners

Lær norsk nå! by Marius Stangeland

Lær norsk nå!

29 Listeners