Bitcoinpolitisk Institutt Norge

Fløgstad + bitcoin = sant? (Satoshi-samtale nr. 1)


Listen Later

Kva meiner Kjartan Fløgstad om bitcoin? Inneber bitcoin ei ny form for samfunnskritikk? Vi får sjå ...Kjartan Fløgstad har skrive side opp og side ned om gruvedrift – på Svalbard, i Latin-Amerika og så bortetter. Bitcoin representerer ein "hypermoderne" type gruvedrift: Mynting av nye bitcoin skjer som eit resultat av "mining" og "proof of work". Men medan klassiske gruvearbeidarar i mange land var leiande i arbeidet for retten til å organisera seg og stod i spissen for ei rekkje sosiale reformer, er den samfunnsmessige rolla til bitcoin i skrivande stund noko meir ... uklår.Fløgstad og Heming H. Gujord – professor ved Universitetet i Bergen og forfattar av FLØGSTAD VERK. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. (Samlaget, 2018) – møtest for å diskutera gruvedrift og samfunnsendringar før og no. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Bitcoinpolitisk Institutt NorgeBy Bitcoinpolitisk Institutt Norge