Leselaget

Forvandling med Ghulam Abbas (1:5)


Listen Later

«Det er kanskje ikkje hans feil, men han er likevel skuld i desse brotsverka.» (Frå Les Misérables)

Les Misérables er Victor Hugo sin store roman frå 1862 om samfunnets utstøytte. Hovudpersonen er den tidlegare straffangen Jean Valjean. Romanen begynner i det Jean Valjean nett har blitt frigjeven, etter 19 år i straffeanstalt. I lomma har han 109 franc og eit gult pass, som for alltid merkar han som straffange. Kor skal han gjere av seg?

 

I denne episoden av Leselaget dykkar vi djupare ned i forholdet mellom brotsverk og straff. Mennesket er skapt godt, men kan menneskenaturen bli totalt forvandla, av lagnaden? Kan hjartet bli øydelagt og vondt av strukturer i samfunnet? Kan menneskeætta forvandle menneske til ville dyr? Og kan mennesket bli godt igjen?

 

Dagens gjest er Ghulam Abbas, tidlegare gjengleiar for den berykta B-gjengen, no sosionom og ungdomsarbeidar. Abbas har fortalt historia si i boka Gudfaren, skrive av Kjetil Østli.

 

Programleiar er Ingrid Weme Nilsen. 


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

LeselagetBy Det Norske Teatret