Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja de... more
FAQs about Hardangerfolk:How many episodes does Hardangerfolk have?The podcast currently has 11 episodes available.
March 26, 2026Vigdis Nielsen - HardangerfolkVigdis Nielsen har hatt ei lang karriere som filmskapar og har ingen planar om å gje seg. Engasjementet hennar for folk og natur har kome til syne i fleire filmar og er ein raud tråd i det ho gjer når ho ikkje er på jobb også.I denne episoden fortel Vigdis om korleis tilknytinga til Ulvik har vore sentral i arbeidet hennar som filmskapar og kva tankar ho har om Ulvik si utvikling. Ho avslører også kvifor ho eigentleg ikkje ville flytta tilbake til barndomsbygda etter å ha budd over 30 år andre stader.Meld deg på nyhendebrevet vårt her. Bestill abonnement her. Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more26minPlay
January 23, 2026Valgerd Svarstad Haugland - HardangerfolkValgerd Svarstad Haugland har hatt ei lang karriere i politikken, mellom anna som Kristeleg folkeparti sin fyrste kvinnelege leiar. Etter at ho gjekk ut av politikken jobba ho 13 år som statsforvaltar for Buskerud, Østfold, Oslo og Akershus, ein jobb som enda med at ho måtte gå på dagen.I denne episoden fortel ho om korleis det var å få beskjed om at ho ikkje lenger hadde tillit som statsforvaltar og korleis ho har takla andre nederlag i karrieren. Ho er òg open om tankane ho hadde i slutten av tenåra og korleis det seinare har prega hennar syn på likestilling.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more30minPlay
December 22, 2025Erling Midtun - HardangerfolkI denne episoden møter du leiar i Hardanger handbakklubb, Erling Midtun. Han har eit spesielt engasjement for ungdom som av ulike grunnar fell utanfor, og er oppteken av at distriktet fyrst og fremst må ta vare på dei ungdommane som bur her no dersom ein vil at dei skal koma tilbake som vaksne.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more20minPlay
October 23, 2025Kari-Anne Sekse - HardangerfolkKorleis går du fram viss du har lyst å byrja med siderproduksjon? Kari-Anne Sekse har kanskje ikkje alle svara, men som ein av dei ferskaste siderprodusentane i Hardanger har ho gjort seg nokre erfaringar som ho gjerne deler med andre. Ho fortel også om korleis det har vore å flytta inn igjen i barndomsheimen og overta garden ho vaks opp på langs Sørfjorden i Ullensvang, og ikkje minst, korleis ho lokka kjærasten med seg frå austlandet.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
October 16, 2025Brit Aksnes - HardangerfolkMange har høyrt stemma til Brit Aksnes i radioprogram på NRK eller lese film-meldingane hennar i Dag og Tid, men det er berre eit par av mange oppdrag ho har som kulturfrilansar. I denne episoden fortel ho kvifor ho trur ungdomar i Hardanger har det kjedelegare no enn då ho sjølv vaks opp i Norheimsund på 80- og 90-talet. Og ho avslører kva tankar ho gjer seg når ho ser på heimstaden frå utsida.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more19minPlay
October 09, 2025Siv Fossåskaret - HardangerfolkI denne episoden møter du Siv Fossåskaret som med 35 års fartstid inntil nyleg var ei av dei mest markante radiostemmene i NRK Vestland. No fortel ho om livet utanfor NRK, og opnar seg om den store sorga ho opplevde i vinter. Ho deler også barndomsminner frå Ålvik, og fortel om korleis ho hamna inn i journalistikken.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
October 02, 2025Roald Aga Haug - HardangerfolkI denne episoden møter du ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug. Her fortel han mellom anna om oppveksten på Aga, og korleis han har tatt med seg erfaringane frå ein jobb innan rusfeltet inn i politikken. Du får òg høyra kvifor han er oppteken av at folk byter partnarar, samt kva som står øvst på ynskelista hans for kommunen i framtida.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
September 26, 2025Eirik Lekve Eide - HardangerfolkI denne episoden møter du leiar i Siderprodusentlaget i Hardanger, Eirik Lekve Eide. For fem år sidan tok han med seg sambuar og barn og forlet ein trygg leiarjobb i Oslo for å bli siderbonde heime i Ulvik. Høyr han fortelja om korleis kvardagen for ein siderbonde er, og kva utviklingspotensial han ser i Ulvik og resten av Hardanger framover.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more24minPlay
September 18, 2025Ann Irene Eliassen Myrheim - HardangerfolkI denne episoden blir du betre kjend med dagleg leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Eliassen Myrheim. Høyr ho fortelja kva Hardangerrådet er, kva som motiverer ho i jobben og korleis det har vore å koma heim igjen til Hardanger etter å ha budd over 30 år andre stader. Ho forklarar også kvifor ho meiner regionen har tapt seg og kva som må til for at Hardanger skal styrka posisjonen sin i åra som kjem. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more20minPlay
September 11, 2025Terje Breivik - HardangerfolkI denne episoden møter du tidlegare venstrepolitikar og no administrerande direktør for Akvariet i Bergen, Terje Breivik. Høyr han fortelja om livet utanfor politikken, engasjementet for havet, og kva råd han vil gje politikarane i Hardanger. Han avslører også at han som ung hadde heilt andre planar i yrkeslivet enn å bli politikar, og fortel kvifor det aldri har vore aktuelt å flytta frå heimstaden i Ulvik. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
FAQs about Hardangerfolk:How many episodes does Hardangerfolk have?The podcast currently has 11 episodes available.