Den tredje episoden av radiodokumentaren "Historia ut av skapet" omhandlar Viktoriatida, hovudsakeleg i England. Dr. Sean Brady fortel mellom anna om kva klassetilhøyrigheit hadde å seie om ein vart avslørt som homofil.
I perioden slutta ein å nytte dødsstraffa for sodomi, og i lovendringa av 1885 gjekk ein ifrå sodomi-omgrepet til "uanstenigheit" eller "indecency".
Oscar Wilde er ein av dei utruleg mange som vart dømd etter den nye lova.