Sign up to save your podcasts
Or

I Serienetts femte julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg dei eldste amerikanske seriane.
Fleire av seriane som går under det vi kallar klassisk amerikana er nær (eller over) hundre år gamle, men likevel er det mykje reprisar som du ikkje treng å vere eldgammal for å ha lest i eit tidlegare julehefte. Tilgangen på opptrykkbart materiale står dessverre ikkje alltid i forhold til seriane sin alder. Titlane er derfor kjapt gjennomgåtte, sjølv om mange av dei fell i smak. Panelet tek for seg Snøfte Smith, Skipper’n, Fiinbeck Og Fia, Knoll Og Tott og Blondie. Serien Snøfte Smiths 100 års jubileum blir i alle fall markert i forordet, men ein må sjå langt etter noko ikkje tidlegare utgjeve.
Høgdepunkt: Knoll Og Tott og Fiinbeck Og Fia er alltid ein favoritt, så lenge det er seriar av henholdsvis Knerr og McManus – Sjølv om det er snakk om reprisar som går i hyppig sirkulasjon. Elles får Blondie meir rosande omtale enn vanleg i år; det hjelper at årets hefte inneheld stoff frå seriens meir livelege periode, 50-talet.
By Trond SätreI Serienetts femte julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg dei eldste amerikanske seriane.