Sign up to save your podcasts
Or

Dagens gjest er vand med å snakke i mikrofonen. Han er stemma til heile Sogn og Fjordane kvar morgon, og det måtte vi sjølvsagt snakke om. Får han ikkje prestasjonsangst av å snakke til så mange på direkten, og kva er den største tabba?
Fredrik er ein fyr som driver med mykje greier. Han er alt for ung til å elske sild, men gjer det uansett. Som ein del av sildekomiteen sørga han for at det blir Himmel & hav-helg i Florø i år også. Han har blant anna vore festivalsjef for Våt Moro, var med å stifta Stimen, satt i styret til Kinn Kyrkjelege fellesråd, var politisk aktiv som ungdomsordførar og hadde ein stol i bystyret, dreiv podd med Firdaposten, farta rundt som russepresident og var ein lovande fotballdommar – ja you name it kva han er innom. Karen fekk grave litt i kva som driv nokon til så mykje dugnad og så mange timar for fellesskapet.
22. juli 2011 var Fredrik 21 år og i førstegongstenesta. Då bomba gjekk av i regjeringskvartalet fekk han ei heilt spesiell rolle. Opplevingane den dagen sit nok i endå, og det fekk vi også snakka litt om i dagens servering av kaffi og kringle.
See omnystudio.com/listener for privacy information.
By FirdapostenDagens gjest er vand med å snakke i mikrofonen. Han er stemma til heile Sogn og Fjordane kvar morgon, og det måtte vi sjølvsagt snakke om. Får han ikkje prestasjonsangst av å snakke til så mange på direkten, og kva er den største tabba?