Ein etter ein har fruktgardane i Sogndalsfjøra forsvunne. No er berre to att. Sogndal kommune jobbar med planar som kan inkludera nedbygging av begge to.
Lokalpolitikar Ole Marius Folkestad har ikkje bestemt seg for kva han meiner er det rette å gjera, og slepp oss inn i kva som vegar for og imot.
Kyrre Groven er seniorforskar på Vestlandsforsking og forskar blant anna på berekraftig tettstadutvikling. Då han kom til Sogndal på midten av 80-talet hadde dei nyleg tatt ned epletrea i Hovehagen der kulturhuset no står. Han trekkjer dei lange linjene og ser på kva me mistar om eplehagane forsvinn.
Programleiar: Kristin Forland
See omnystudio.com/listener for privacy information.