Langs Vegen No.

Langs Vegen No.

By Langsvegen.no -netavisa om folk.News
Download on the App Store

Langs Vegen No. episodes

  • Dette er ei historie som ikkje har vore enkel å fortelle..
    Tyskarane heidra «skomakaren frå Sachsenhausen», Karl Maier (1908–1997), med fortenestekrossen – men kvar vart det av den norske takken?

    Høyr podkasten direkte her, eller via lenkja nedst i artikkelen.  

    Biletet over: Tom Maier til høgre og Roy Myrland.


    Før du les vidare eller høyrer podkasten, vil vi rette ei stor og hjarteleg takk til Knut Haugrud og Haugrud Brønnboring AS, og Oddvin Sørbøen og Valdresskigard, for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen og episoden med Tom Maier (biletet over).

    Karl Maier (1908-1997) er far til Tom Maier. Karl Maier hjelpte Einar Gerhardsen (1887-1987), Halvard Lange (1902-1970) og andre norske fangar med å overleve nazistane sin konsentrasjonsleir Sachsenhausen. I 1959 vart han heidra med fortenestekrossen frå Vest-Tyskland. Men Langsvegen.no har ikkje funne dokumentasjon på tilsvarande offentleg heider frå Noreg. I podkasten på Spotify og  "Langs Vegen No" der, fortel Tom Maier (79 år) den sterke historia om faren og korleis krigen sette spor i familien, til redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no.

    Angitt av sin eigen bror

    Historia om Karl Maier tek til i Tsjekkoslovakia, der han var ein aktiv motstandar av nazismen. Ifølgje sonen vart han angitt av sin eigen bror og måtte flykte. I 1937 kom han til Noreg som politisk flyktning og slo seg ned på Nesodden.

    Umiddelbart etter den tyske okkupasjonen vart han arrestert av Gestapo og seinare send til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen utanfor Berlin.

    Der vart han ifølgje sonen dømd til døden fleire gonger, men klarte kvar gong å sleppe unna.

    Kjøp boka om skomakeren frå Sachsenhausen her: https://www.ark.no/produkt/skomakeren-fra-sachsenhausen-9788202497088

    Skomakaren som berga menneskeliv

    Karl Maier var ein svært dyktig ortopedisk skomakar. Ifølgje familiehistoria fekk han laga spesialtilpassa støvlar til SS-generalen Theodor Eicke, noko som bidrog til å berge livet hans.

    Skomakarkunsten gav han etter kvart ei særstilling i leiren. Han laga sko og støvlar til SS-folk og fekk mat, medisinar og andre livsviktige varer i byte.

    Desse godene brukte han til å hjelpe norske medfangar på «norskebrakka». Mellom dei var Einar Gerhardsen og Halvard Lange, som begge seinare fekk sentrale roller i norsk politikk.

    – Vi hadde ikkje hatt den regjeringa vi fekk etter krigen, om det ikkje hadde vore for Karl Maier, seier sonen Tom.[caption id="attachment_80541" align="alignnone" width="1322"] Karl Maier og forfatter Bengt Calmeyer. 

    Kjøp boka om skomakeren frå Sachsenhausen her: https://www.ark.no/produkt/skomakeren-fra-sachsenhausen-9788202497088[/caption]

    Også mennene frå Telavåg sat i Sachsenhausen

    Våren 1942 vart bygda Telavåg på Sotra jamna med jorda under ein brutal tysk hemnaksjon. Mennene vart arresterte og sende til Sachsenhausen, medan kvinner, born og eldre vart tvangsflytta. Mange av mennene kom aldri heim att.

    Denne tragedien er også tema i ein tidlegare episode av Langs Vegen No, der museumsleiar Jenny Heggvik ved Nordsjøfartmuseet fortel historia.

    Les artikkelen om Telavåg-tragedien på Langsveien.no

    Høyr podkasten med Jenny Heggvik

    Norske songhefte bak piggtråden

    Karl Maier bidrog ikkje berre med mat og medisinar. Saman med Einar Gerhardsen organiserte han også trykking av norske songhefte.

    Ifølgje Tom Maier vart hefta trykte i falskmyntnarverkstaden i Sachsenhausen, der nazistane elles produserte falske pengesetlar.

    Songane gav dei norske fangane samhald, trøyst og håp midt i leirens redsler.[caption id="attachment_80542" align="alignnone" width="2048"] Sjå underteksta på boka[/caption]

    Nekta plass på dei kvite bussane

    Då krigen nærma seg slutten i 1945, vart norske fangar henta ut med dei kvite bussane.

    Men Karl Maier fekk først ikkje vere med, trass i innsatsen han hadde gjort for nordmennene. Grunnen var at han mangla norsk statsborgarskap.

    Den utmagra og utslitne krigsfangen måtte leggje ut på ein strabasiøs ferd til fots, før han seinare vart plukka opp av dei kvite bussane under dødsmarsjen.

    Halvard Lange måtte gripe inn

    Etter krigen vende Karl Maier tilbake til Nesodden. Men då han søkte om norsk pass, fekk han ifølgje sonen avslag.

    Det var først då den tidlegare medfangen Halvard Lange greip inn, at saka løyste seg.

    Lange vart utanriksminister i Einar Gerhardsen si regjering i februar 1946. Ifølgje Tom Maier slo han neven i bordet, og dermed kom passet på plass.

    Karl Maier etablerte seg seinare som glasmester på Hellvik og bygde eit nytt liv med familien.

    Tyskland heidra han i 1959 – men kva med Noreg?

    I 1959 vart Karl Maier tildelt Forbundsrepublikken Tysklands fortenestekross for innsatsen han hadde gjort for medfangane under krigen.

    Det var ei offisiell anerkjenning frå landet som under naziregimet hadde utsett han for konsentrasjonsleirens redsler.

    Men kva med Noreg?

    Langsveien.no har ikkje funne dokumentasjon på at Karl Maier fekk tilsvarande offentleg heider frå norske styresmakter.

    Mannen som hadde hjelpt fleire av dei framtidige leiarane i den norske arbeidarrørsla med å overleve, ser dermed ikkje ut til å ha fått den same offentlege anerkjenninga her heime.

    Krigen sette spor i familien

    Sjølv om Karl Maier overlevde krigen og skapte seg eit nytt liv, vart ikkje alle såra lækte.

    Dei grufulle opplevingane i Sachsenhausen prega familien og oppveksten til sonen Tom.

    I podkasten møter redaktør Roy Myrland den no pensjonerte glasmesteren heime på Oppegård. Her lever Tom gode pensjonistdagar saman med kona, og når reiselysta melder seg, tek dei bubilen fatt.

    Men bak den gode kvardagen ligg ei familiehistorie som ikkje har vore enkel å fortelje.

    Tom deler både sterke minne frå oppveksten og personlege opplevingar frå sitt eige liv. Samtalen viser korleis krigen kunne setje spor også hos generasjonane som voks opp etterpå.

    Ordføraren hugsar den gode mannen

    Også Nesodden-ordførar Cathrine Kjenner Forsland (Ap) har varme minne om Karl Maier.

    På Aker Brygge i Oslo fortel ho Roy Myrland om den snille mannen som besøkte skulen då ho var lita jente.

    Det er eit fint minne om ein mann som hadde opplevd det verste menneske kan utsetje kvarandre for, men som likevel møtte andre med vennlegdom og varme.

    Historia om Karl Maier er også fortald i Bengt Calmeyer si bok Skomakeren fra Sachsenhausen og i Nesodden historielag sitt årsskrift Sopelimen frå 2023.[caption id="attachment_80546" align="alignnone" width="2048"] Nesodden-ordførar Cathrine Kjenner Forsland (Ap) og Roy Myrland på Aker Brygge i Oslo, der ordføraren fortalde om minna sine frå Karl Maier. Ho hugsa han som ein snill og god mann som besøkte skulen hennar då ho var lita jente.[/caption]

    Ei historie som fortener å bli hugsa

    Det er med stor takksemd og audmjukskap eg har fått møte Tom Maier og fått tillit til å formidle den sterke historia om faren gjennom Langs Vegen No og Langsveien.no.

    Ei stor og hjarteleg takk til Tom for openheita og for at han deler både dei vonde og dei gode minna med oss.

    Historia om Karl Maier handlar om mot, medmenneskelegdom og om å setje andre framfor seg sjølv, sjølv når eins eige liv står på spel.

    Tyskland heidra Karl Maier i 1959. Kanskje er det på tide at også Noreg gjev innsatsen hans den offentlege anerkjenninga han fortener?

     

    Kjøp boka om skomakeren frå Sachsenhausen her: https://www.ark.no/produkt/skomakeren-fra-sachsenhausen-9788202497088

    Denne podkasten blei spela inn 9. april 2026 i heimen til Tom Maier på Oppegård. Det er redaktør Roy Myrland som intervjuar. Bilete til artikkelen er lånt av Tom Maier.



    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    40 min
  • Podkast: Noko av det viktigaste Valdres har, er menneske som Karianne.

    Karianne Borchgrevink har det nærmast i gena å ta samfunnsansvar og bidra til at fellesskapet vårt skal bli best mogleg for alle.

    I denne episoden av Langs Vegen No møter marknads- og bedriftsutviklaren redaktør Roy Myrland til ein open og uhøgtideleg samtale i podkaststudioet i GG13-garden på Fagernes.

    Det blir ei spennande reise frå ein lukkeleg barndom i bygdebyen, via rastafletter og jobb i skrubben i Sveits, til livet som supermamma i Amerika. Der vart det  mastergrad mellom kjøring til Lacross kamper for sønnen på treningsbanen utenfor Neverland, studier, og drift av familiens A/S, før vegen gjekk vidare til jobben i Valdres Næringshage.

    Ei dame med drivkraft, samfunnsengasjement, stort hjarte og sterk vilje til å skape utvikling og gode moglegheiter for folk og næringsliv i Valdres!

    Ein stor og hjarteleg takk til Bakken Maskin, Sporten Beitostølen og Vang Autoservice for verdifull annonsestøtte til Langs Vegen No.

    God fornøyelse!

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    35 min
  • Podkast: Folkemengden sto musestille – hør Sandemo og Snåsamannen 16 år senere

    Denne podkasten handlar om to heilt unike menneske som på kvar sin måte har betydd ufatteleg mykje for hundretusenvis av menneske. Margit Sandemo gjennom forteljingane sine, som har rørt, fascinert og følgt lesarar gjennom fleire generasjonar, og Joralf Gjerstad gjennom dei heilt spesielle evnene sine og den varme omsorga han viste menneska han møtte.

    Begge har òg vore ein del av livet mitt, og har sett spor som eg ber med meg vidare. Difor ønskjer eg med denne podkasten å ta vare på noko av det dei etterlet seg, løfte fram livsverka deira og heidre minna om to menneske som betydde svært mykje for svært mange.

    Margit Sandemo døydde i 2019, og oska hennar vart spreidd ved Grunke i Vang kommune i Valdres – eit område ho hadde eit nært forhold til.

    Joralf Gjerstad døydde i 2021. Han vart bisett frå Snåsa kyrkje og ligg gravlagd i Snåsa, staden han var så sterkt knytt til gjennom heile livet.


    For 16 år sidan stod Margit Sandemo og Joralf Gjerstad på scena i Spikersuppa i Oslo og fortalde ope om liva sine, bøkene sine og dei spesielle evnene dei begge meinte hadde følgt dei gjennom livet. Ei stor folkemengd stod musestille og lytta. No er støyen fjerna frå videoopptaket Roy Myrland gjorde 18. september 2010, og det unike møtet kan høyrast på nytt – som podkast på «Langs Vegen No» på Spotify.

    I 2010 gav Margit Sandemo ut sjølvbiografien «Livsglede – en selvbiografi», medan Joralf Gjerstad same året kom med «Den gode kraften – Snåsamannens egen historie».

    Den 18. september same året møttest dei to på scena i Spikersuppa i Oslo, der dei vart intervjua av Anette Orre.

    Framfor scena hadde det samla seg ei stor folkemengd. Midt i Oslo sentrum stod folk tett – og nesten musestille – medan Sandemo og Gjerstad fortalde om bøkene, liva sine og opplevingane som hadde forma dei.

    Dei fortalde òg om evnene dei sjølve opplevde å ha, og om korleis desse hadde påverka både liva deira og møta med andre menneske.

    Roy Myrland gjorde videoopptak av samtalen den gongen. Opptaket bar naturleg nok preg av bakgrunnsstøy frå ei utandørsscene midt i Oslo.

    No, 16 år seinare, har Thierry Gschwind og Roy Myrland gått gjennom opptaket og gjort ei omfattande lydvask. Store delar av bakgrunnsstøyen er fjerna, slik at stemmene og historiene kjem langt tydelegare fram.

    Resultatet er eit historisk tilbakeblikk på to sterke, varme og heilt særeigne personlegdomar som på kvar sin måte sette djupe spor etter seg – slik dei sjølve fortalde om liva sine i 2010.

    Podkasten kan høyrast på «Langs Vegen No» på Spotify.

    Dei bearbeidde videoopptaka ligg òg ope tilgjengelege på YouTube.

    Her er eit godt sett du kan bruke:


    Margit Sandemo, Joralf Gjerstad, Snåsamannen, Margit Sandemo intervju, Joralf Gjerstad intervju, Oslo Bokfestival 2010, Spikersuppa Oslo, Langs Vegen No, Roy Myrland, Thierry Gschwind, Anette Orre, Livsglede, Den gode kraften, Snåsamannens historie, podkast, norsk podkast, Spotify podkast, YouTube intervju, historisk intervju, alternativ spiritualitet, healing, forfattarintervju


    #MargitSandemo #JoralfGjerstad #Snåsamannen #LangsVegenNo #RoyMyrland #ThierryGschwind #AnetteOrre #OsloBokfestival #Spikersuppa #Livsglede #DenGodeKraften #Podkast #SpotifyPodkast #NorskPodkast #YouTube #HistoriskIntervju #Forfattarintervju #NorskKultur

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    45 min
  • Bent Høie på tomannshand om folk, livet, makt og laaaange ord.

    Podkast: Kongens mann i Rogaland, er og styreleiar på Beitostølen –

    Bent Høie har stått i mange krevjande val gjennom eit langt liv i politikken. I denne podkasten fortel den tidlegare helseministeren og noverande statsforvaltaren i Rogaland om avgjerdene som kosta, om engasjementet for menneske med funksjonsutfordringar – og om kvifor enkelte laaaange ord framleis kan vere ei utfordring å få heilt rett ut.

    Høie er også styreleiar ved Beitostølen Helsesportsenter, og gjennom dette har han fått eit nært forhold til Valdres.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    32 min
  • Arvid Evanger – "Væla går vidare", ein varm og sterk prat om livet, menneska og orda.

    I Vikeså i Rogaland møtte vi forfattar og poet Arvid Evanger til ein nær, varm og sterk samtale om det 86 årige livet hans – slik det faktisk har vore.

    Praten går frå flukta frå nord og oppveksten på Dokka, til den sterke tilknytinga til Valdres, menneska vi møter og korleis vi eigentleg er med kvarandre. Vi er innom losjelivet og dei mange åra i Odd Fellow, og sjølvsagt også rakfisken – Arvid er administrator for Facebook-gruppa «Rakfisken og Akevittens venner av 1965».

    Og så er det orda. Bøkene, dikta, historiene og erfaringane som har fått plass på papiret. Arvid Evanger, fødd i 1940 og busett i Vikeså, har skrive både for barn og vaksne, og er i 2026 aktuell med diktsamlinga «Væla går vidare».

    Det vart latter, alvor, minne, litt rakfisk og mange gode tankar undervegs då Arvid Evanger sette seg ned til podkastprat med redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No.

    Rett og slett ein samtale om det som kanskje betyr aller mest: menneska, livet – og korleis vi er med kvarandre.

    #Vælagårvidere #ArvidEvanger #Vikeså #Dokka #OddFellow

    https://www.facebook.com/groups/494762537200891 # Arvid Evanger


    • Fjern term: barnebøker barnebøker # Dokka Dokka

    • Fjern term: forfattar forfattar

    • Fjern term: Langs vegen no 3Langs vegen no

    • Fjern term: livshistorie livshistorie

    • Fjern term: lyrikk lyrikk

    • Fjern term: menneskemøte menneskemøte

    • Fjern term: Nordre Land Nordre Land

    • Fjern term: Odd Fellow Odd Fellow

    • Fjern term: Podkast Podkast

    • Fjern term: poet poet

    • Fjern term: Rakfisk Rakfisk

    • Fjern term: Rakfiskens venner Rakfiskens venner

    • Fjern term: Rogaland Rogaland

    • Fjern term: Roy Myrland Roy Myrland

    • Fjern term: Valdres Valdres

    • Fjern term: Væla går vidare Væla går vidare

    • Fjern term: Vikeså Vikeså

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    40 min
  • Professor Snorre Stuen. -To doktorgrader på flått.
    Flåtten kan drepe fleire lam enn dei store rovdyra

    Flåtten og flåttbårne sykdommer kan vere ein langt større dødsårsak for lam enn mange er klar over. Det er anslått at flått og flåttbårne sykdommer kan ta livet av fleire lam i Noreg enn bjørn, ulv, gaupe, rev og andre rovdyr til saman.

    Podkasten Langs Vegen No er gjort mogleg med støtte frå Grobakken Landmek, Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik og Sporten Beitostølen.

    I denne episoden av Langs Vegen No møter vi professor Snorre Stuen i Stavanger. Stuen har til doktorgrader innan flåttforsking og har gjennom mange år arbeidd spesielt med flått og utfordringane den vesle blodsugaren kan skape for sauenæringa.

    Hovudtemaet i samtalen er flåtten og sauenæringa – eit område Stuen har arbeidd med gjennom mange år. Det blir ein engasjerande prat om forsking, erfaringar og dei store utfordringane ein liten flått kan med seg for lamma på beite. Undervegs blir det også litt brukt mellom professoren og programleiaren.

    I seinare tid har Stuen også byrja å sjå nærare på maur og eventuelle likskapar eller samanhengar med flåtten. Dette er førebels berre noko han undersøker, og han har ikkje trekt nokon konklusjonar.

    Programleiar og redaktør Roy Myrland møter Stuen til ein open og direkte samtale om flåtten – ein liten blodsugar som kan ha store konsekvensar for sauenæringa.

    Podkasten Langs Vegen No er gjort mogleg med støtte frå Grobakken Landmek, Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik og Sporten Beitostølen.


    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    25 min
  • Korleis kan biokull gi betre jord Olav Amund Lie?

    Kva har kol, jord, klima og frodige tomatplanter til felles? Meir enn du kanskje trur.

    Jorda er noko av det viktigaste vi har. Ho gir oss maten vi et, bind karbon og er sjølve grunnlaget for livet rundt oss. Dei fleste ønskjer å overlate jorda til neste generasjon i minst like god stand som då vi tok over – og aller helst litt betre.

    Det er nettopp dette som driv God Jord AS på Leira i Valdres. Med smittande engasjement fortel Olav Amund Lie (biletet over) om korleis biokull kan gi levande matjord, sterkare plantar og betre avlingar, samstundes som det kan bidra til karbonlagring og eit meir berekraftig landbruk.

    I denne episoden av podkasten Langs Vegen No møter redaktør Roy Myrland Olav Amund Lie til ein varm og lærerik prat. Opptaket er gjort i podkaststudioet i GG13-bygget i Fagernes – eit moderne studio der Langs Vegen No produserer podkastar med spennande gjester frå Valdres og resten av landet.

    I podkasten får du mellom anna høyre om:

    • Kvifor god jord er noko av det viktigaste vi kan ta vare på
    • Kven Olav Amund Lie er – og kvifor han brenn for levande jord
    • Kva biokull eigentleg er, og korleis det blir produsert
    • Korleis biokull kan gi friskare jord, sterkare plantar og betre avlingar
    • Kvifor karbonlagring i jord kan vere viktig for klimaet
    • Praktiske råd til bønder, hageeigarar og alle som ønskjer betre jord
    • Kvifor vi bør gi jorda vidare til neste generasjon i endå betre stand enn vi tok over henne

    Ei stor takk til Gjennestad Hagesenter, Bakke Maskinservice på Heggenes, Valdresbakst og Fjellvang Transport i Rogne for verdifull annonsestøtte. De gjer det mogleg for Langsveien.no å produsere podkastar og løfte fram menneske, kunnskap, næringsliv og gode historier frå Valdres. Støtt gjerne dei som støttar lokal journalistikk.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    29 min
  • Ein varm podkastprat med Odd Nordstoga frå Trollrock.


    Ei stor takk til Hageland Gjennestad, Byggtorget Fosheim Sag, Valdrestømmer og Nerstad Tuft Transport AS for verdifull annonsestøtte til denne podkasten. Det er takka vere slike samarbeidspartnarar at Langsvegen.no kan halde fram med å formidle historier om menneske, kultur og opplevingar. Har du høve, oppmodar vi deg gjerne til å støtte dei som støttar lokal journalistikk.

    Kva får du når du blandar Trollrock, Odd Nordstoga, nynorsk, dialektar, ein splitter ny song om ved – og ein mann som heilt tydeleg har eit litt for godt auge til vindfall? Då får du ein podkast med mykje latter, varme og musikkglede.

    Etter konserten vart det ein uhøgtideleg prat der Odd byr rauseleg på seg sjølv. Han fortel om gleda ved å spele for publikum, kvifor nynorsk og dialektar betyr så mykje for han, korleis ein vedkubbe kan bli til ein song – og ikkje minst om den vesle «vedsjuka» som ser ut til å vere heilt umogleg å bli kvitt.

    Prognosen? Ho er ikkje spesielt oppløftande. Tilbakefalla kjem med jamne mellomrom, og risikoen aukar kraftig kvar gong det ligg eit freistande vindfall langs vegen. Det er rett og slett ein diagnose som får både programleiar og lyttarar til å trekkje på smilebandet.

     

    Systrene Ingeborg og Margit Onstad, songarar og langeleikmusikarar frå Volbu, storkosa seg heilt fremst ved scenekanten under konserten til Odd Nordstoga på Trollrock. Etterpå fekk dei helse på sitt store musikalske førebilete, og den lune praten med Odd vart eitt av dei store høgdepunkta under festivalhelga.

    🎧 Høyr podkasten her:

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    6 min
  • Ejlis.

     Etter "Ejlis" sin konsert på Trollrock møtte redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No Silje Brekke Veltun – betre kjend som Ejlis – til ein podkastprat backstage. Den dyktige artisten frå Rogne i Øystre Slidre fortel om gleda ved å stå framfor heimpublikummet, kvifor ho syng på dialekt, korleis eigne opplevingar mellom det urbane og det rurale blir til musikk, og kva draumar og planar som ventar vidare i artistkarrieren.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    4 min
  • Bjarne Brøndbo på Trollrock

    Jubelen hadde så vidt lagt seg etter D.D.E. sin forrykande konsert på Trollrock laurdag 25. juli, då redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No fekk ein hyggeleg prat med Bjarne Brøndbo backstage. I podkasten fortel han om møtet med publikum og kva som framleis driv eit av Noregs mest folkekjære band.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    4 min

About Langs Vegen No.

From the publisher's feed

"Langs Vegen No" er podkasten til nettavisa www.langsvegen.no, -nettavisa om folk.
 God fornøying.
Med venleg helsing
Roy Myrland, eigar og redaktør.