Leselaget

Leselaget les Les Misérables av Victor Hugo


Listen Later

Vi inviterer til eit djupdykk inn i ein av verdshistorias mest kjende romanar, når podkasten Leselaget les Les Misérables av Victor Hugo. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med!


Første episode kjem ut onsdag 7. januar!


Victor Hugos episke storverk Les Misérables er ein murstein av ein roman. Ikkje berre blir han rekna mellom 1800-talets beste. Han er også blant dei lengste romanane som er skriven nokosinne. I haust og vinter gyv vi i podkasten Leselaget laus på han.

Vi har valgt ut fem sentrale tema frå romanen, og inviterer til fem direkteopptak av lesepodkasten Leselaget der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg romanen med ulike tematiske overskrifter. Kvar episode har ein ny gjest. Sjå oversikt over dei ulike temaa under. 



VI VIL GJERNE HA DEG MED PÅ DENNE LESEMARATONEN! 

Anten kan du lese saman med oss, del for del. Eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast. Men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det! 

Hent deg ut gratisbillett.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

LeselagetBy Det Norske Teatret