Lillian Gotteberg (80) frå Måløy har jobba eit langt liv i helse- og omsorgstenestene i Vågsøy kommune. Ho snakkar om korleis det var å jobbe på fødestova på gamle Vågsøy aldersheim. Lillian er i studio saman med broren Jarl Wåge og fortel om fleire episodar i yrket sitt, kvifor ho slutta på sjukepleie og korleis ho klarte å komme seg heim igjen frå denne utdanninga i Volda.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.