Olsen & Jensens visepod har fått audiens i det største rockebandet på Stord gjennom tidene si storstove i Hornelandsvågen, i eit rom kledd i Guns N' Roses-plakat, Kiss-plakat og med eit rocka Marshall-kjøleskap. Sjefen sjølv, John Ståle Eldøy, er gjest. Og visepoden ringer ein spesiell venn, som har ei spesiell historie om ein annan venn, som møtte Bob Dylan der borte i Oslo. Hanne Krogh har fylt 60 og viseklubben har investert i slike boots som Bruce Springsteen lett kunne ha gått med.