Mar

Optimar og Russland


Listen Later

Sunnmørske Optimar leverer rekordstore fabrikksystem til sjømatnæringane i Russland. Kvifor er den russiske marknaden så attraktiv? Korleis vurderer Optimar omdømmerisikoen ved å vere involvert i eit land som ikkje lenger reknast som eit demokrati? Kva er det moderne fiskebåtreiarlag i Russland og Norge spør etter no?

Dette og meir til får du svar på i denne episoden av Sunnmørspostens næringslivspodkast Mar.


Mar fokuserer på næringslivet på Nordvestlandet, særleg det eksportretta. Ordet «mar» betyr hav på blant anna spansk og har same språklege opphav som namnet «Møre».


Podkasten vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ikkje nøl med å gi innspel til [email protected]

Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

MarBy Sunnmørsposten