I denne sendinga har me besøk av språkprofessor Helge Dyvik! Han kan mangt om mykje, men i dag snakkar me om trebanken, at språket kan vera kjønnsdiskriminerande, og normering. I tillegg hjelper han oss å svara på eit lyttarspørsmål: Kvifor har me sterke og svake verb?
I studio: Maria Gunnarsdotter Svedal og Ole Raade.
Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.