Denne veka er det skandinavisk stemning i studio! Me har besøk av svenske Johannes Högäll Johnsson og danske Søren Bering, og snakkar om det skandinaviske språkfellesskapet. Kva er likskapane mellom nynorsk og svensk? Kva med bokmål og dansk? Og kor godt forstår me kvarandre? Desse spørsmåla får du svaret på i denne vekas podcast.
I studio: Ole Raade og Maria Gunnarsdotter Svedal
Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.