Os Rock City
Download on the App Store

Os Rock City episodes

  • 13: Tore Bratseth

    Tenk at store delar av den norske Black Metal-lyden vart forma av ein liten gjeng ungdommar i ei kjellarleilegheit ved Lysefjorden på slutten av 80-talet. Tore Bratseth fortel historia om korleis det heile starta – frå eit lite miljø der berre fem–seks ungdommar delte interessa for ekstrem musikk, til ei rørsle som skulle setje Noreg på verdskartet. Og ikkje minst, korleis enda ein kar frå Vestlandet opp som kompis med verdsikon som Lemmy Kilmister og Dee Snider?


    Programleiar: Ørjan Håland

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 1 min
  • Livesending frå Fabrikken

    Rockeorakelet Tore Bratseth var gjest då Midtsiden testa innspeling framfor publikum – under Fabrikkendagane førre helg.

    Bratseth har vakse opp i band med musikarar som fekk rock som levebrød, blitt kjent med fleire store namn, speler framleis i band – og har svartmetall-safari med utanlandske fans av det norske fenomenet.


    Ein annan lokal musikar, Cato Berge frå Notörious, er òg gjest denne ettermiddagen. Han har vore gjest før, med bandkollega Andreas Brodersen, sjå episoden under. No har han kome heim frå turné i Tyskland.


    Dagens gjestar: Cato Berge (Notörious) og Tore Bratseth

    Programleiar: Ørjan Håland med wingman Alexander Dymbe

    Intro/outtro: Manheads

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 15 min
  • 11: Eirik Søfteland

    Kordan var det å bli rikskjendis over natta og vera ein som fann vegen inn i hjarta på dei største namna innan norsk showbusiness? Kva har Bonnie Tyler og Bjarne Brøndbo til felles med vår lokale spellemann? Har det nokon gong gått gale for musikaren i ein begravelse? Kva blir det neste for Eirik Søfteland?


    Programleiar: Ørjan Håland.

    Intro/outtro: Manheads

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 2 min
  • 10: ORBO set kursen mot prærien

    Ole Reinert Berg-Olsen har ikje gitt ut album sidan pandemien, men etter seks år med påfyll av idear og inspirasjon, er det no mykje som skal uttrykkast i studio.

    I denne episoden fortel ORBO om sine tidlege år som musikar og om den fantastiske musikalske reisa som har resultert i heile 11 utgitte album og tre Spellemannpriser.

    I tillegg får vi eksklusiv framføring av ny låt, og vi får vita kor vegen går vidare for den erfarne musikaren.


    Programleiar: Ørjan Håland.

    Intro/outtro: Manheads

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr
  • 09: Notörisk strategi på god stemning

    Notörious er eit hardtsatsande glam metal-band med djupe røtter i Os Rockeklubb. Dei langhåra bandmedlemmane med sine spesialimporterte skinnjakkar og tettsitjande skinnbukser frå Hollywood, er garantistar for god stemning frå scena. Gitarist Cato Berge og bassist Andreas Brodersen tar oss gjennom bandets historie og om bandets spennande planar, blant anna årets Tyskland-turné. I denne episoda får vi òg ei eksklusiv akustisk opptreden.


    Programleiar: Ørjan Håland. Intro/outtro: Manheads

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    54 min
  • 08: Rockesjefen om framtida

    Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh, er dagens gjest. Han fortel om fire år på fulltid i London, ein visitt på MTV, framtidstru, rolla som «pappatrenar» for trommetalentet Grim – og gir ein leksjon i kordan ein kan handtera å få nasjonal slakt som artist.


    Programleiar: Ørjan Håland.

    Intro/outtro: Manheads 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 1 min
  • 07: Geldof + Hodneland = Epic!

    Dagens gjest, Eivind Hodneland, kjent frå band som Vicious Fishes, Transplants og De Brente Menn, har nyleg gjort comeback med Teenage Kicks. Men kva var det som skjedde før og etter at Bob Geldof kom løpande etter bandet i Tallin for nokre tiår sidan?


    Programleiarar: Ørjan Håland

    Sidekick: Alexander Dymbe

    Intro/outtro: Manheads

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 1 min
  • 06: Frå Join Us til Lenny Kravitz

    Stine Kobbeltvedt var vokalist og frontfigur i jenterockebandet Furia frå Os. Debutalbumet til Furia selte til gull i 2003, så venta europaturné med den amerikanske funk-rock-stjerna. Stine losar oss gjennom Furia sin start til bandet si gradvise oppløysing.


    Programleiar: Ørjan Håland.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 4 min
  • 05: Frå coverband til Kygo

    Dagens gjest Thomas «TomTom» Haugland starta som trommis heime i Os og gjekk vidare til trioen Spetakkel. Dei siste 25 åra har han produsert for fleire av dei største artistane i Norge. I denne episoden fortel han om nokre av høgdepunkta i karriera.


    Programleiar er Ørjan Haaland.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    53 min
  • 04: Rebell for alltid

    Episode 4: Rebell for alltid


    Programleiar Ørjan Håland, denne gong med sidekick Alexander Dymbe, har besøk av Kjell Engelsen Moberg. I vinter kom han ut med den fyldige boka «Rockedrømmen». Kjell har vakse opp i Os Rock City, er kjent frå band som Punishment Park, Jef og K-Jell, og vore ein sentral figur i Os Rockleklubb i fleire tiår. I denne episoden fortel han om både det å vera rebell og om håp for framtida til Os-rocken.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    53 min

About Os Rock City

From the publisher's feed

Os Rock City handler om musikklivet i Bjørnafjorden. Musikkarven, artistene, eventene og historiene som har skapt og som fremdeles skaper Bjørnafjordens musikalske identitet.


Programleiar…