
Sign up to save your podcasts
Or


- Me gjer ein god jobb for næringslivet og kommunane, slår Kristian Larsen fast.
– Jobben betyr mykje og eg prøver å ta vare på dei eg arbeider saman med, fortel kollega Palma Lis Høyvik. – Og så er det viktig å få sjefen litt av track, smiler Sophie Adams.
Møt Sophie, Palma og Kristian i eit ærleg møte i podkasten På Ekta. Her blir det alt frå skitne matter, strikkeglede, linedans, fotball, puffa ris, samt rein og urein sone!
Ho blei mor som 16-åring, utan at det blei eit stort hinder. Ein trøkk i jobblivet fekk henne ut på tur. Og motgang som gründer skremmer henne ikkje til å starta noko nytt. Møt Helene Austbø frå Rennesøy, som først og fremst ønskjer å byggja robuste lokalsamfunn. Bli med på tur!
Det er Finnøy i alle kanalar for Ruben Hallerud Eggebø. Stikkorda er volleyball, fotball, ultralokal podkast, arrangement, bryllaup og ikkje minst den kulinariske heideveggen. Han meiner også at Finnøy har kvalitetar av sjeldan karakter. Det fekk Ruben verkeleg kjenna då far hans døydde. Det blir latter og tårer, stor entusiasme og sakn, vakkert, rørande og muntert i den nyaste utgåva av podkasten på Ekta.
Han er ung, modig, søker spenning og satsar alt på å bli best i verda. 20 år gamle Jone Sandvik frå Tau har etablert seg i verdstoppen i motorsporten trial. Det krevst solid balanse og heftige svev på motorsykkelen. Og i det internasjonale trialmiljøet blir Jone Sandvik berre kalla Sandwich. Og Sandwich har tenkt å bli verdsmeister.
Å mista ein politibetjent på jobb, er det verste politimeister Hans Vik har opplevd på jobb. Og kjenslene og tårene kjem jamt endå. Lettrørt, ansvarsfull og ein som elles lever eit roleg A4-liv, er Hans Vik oppsummert. Men, han har ingen problem med å bli gjenkjent. Det er jo noko han er vane med frå barndomen i Erfjord i Ryfylke, der alle visste kven alle var.
Beethoven, Brendeland, ungdomspolitikk og ammoniakkfabrikk. 18 år gamle Ingrid Fatnes Sauda er verken redd for å spela, syngja, leia eller meina. Enten det er frå scenen, i eit ungdomsråd eller gjennom eit lesarinnlegg. Og engasjementet er godt over middels.
- Eldrebølgja er farlegare for Sauda enn ammoniakkfabrikken, seier ho. Oisann. Kva er det eigentleg ho meiner?
Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl frå Sør-Afrika og Sand ler høgt, satsar stort og har eit brennande ønske om å skapa meir liv i Ryfylke. Høyr hennar nesten uverkelege reise frå raseskilje i Soweto til stille, men trygge Suldal, der ho har tatt grep.
Ho driv med tydeleg, men venleg vaksenkjeft. Anne Langeland Bratthammer kan gjerne bu i Ryfylke resten av livet, men ikkje for ein kvar pris.
- Bedriftene og kommunane i Ryfylke må gjera seg lekre for oss ungdomar! For me er ikkje på billigsal. Dei må investera i oss, er den klare meldinga frå leiaren i ungdomsstyret i Ryfylke.
- Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar åleine på ski over Antarktis. Då ho nådde polpunktet sette ho verdsrekord i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. 21 år gamle Karen hadde planlagt turen i seks år, heilt sidan ho kryssa Grønland i niande klasse. I podcasten På Ekta møter me den uredde, rasjonelle ryfylkingen, som alltid har søkt spenning i naturen. Men, ho innrømmer at ho også var redd under Sørpol-ekspedisjonen. Ikkje minst var det tøft då det gjekk så seint i starten at ho måtte rekna på korleis ho skulle spara på maten for å ha nok til å nå Sørpolen. Karen Kyllesø hadde mat til 55 dagar, og kom fram etter 54. Nå vil ho inspirera unge og vaksne til å følgja draumane sine, om dei er aldri så dristige.
Det er gjerne ikkje rart at Håvard Handeland blei ordførar i Sauda som 19-åring. For alt som seksåring blei han vald inn i elevrådet på barneskulen. Og det skjedde sju år på rad, ved hjelp av ein sleip valkampstrategi og dobbeltstemme til seg sjølv. Historia er nesten for god til å vera sann. Soga om Håvard Handeland er også ei historie om han som pur ungdom brukte kommunestyremøte på internett som laurdagsunderhaldning, om ein som elskar å lesa 512-siders rapportar om framtidig skulestruktur og som ein gong der framme skal bli lege i Sauda. Men, først skal han vera ordførar til minst 2027 og knyta nettverk på snodig vis. I podcasten På Ekta møter me ein 20-åring som ikkje er som andre på 20 år. Bli med på politisk møte og rundt omkring i Sauda, der saudabuen også meiner sitt om den unge ordføraren.
From the publisher's feed
Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg…