Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Kommunaldirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. Hosted on Acast. See acast.com/privacy</... more
FAQs about Rådhuset:How many episodes does Rådhuset have?The podcast currently has 20 episodes available.
November 07, 2025Vi tar Øygardskonferansen på pulsenEpisode 20 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 7. november.Tema for konferansen er «Dilemma». På konferansen kjem det fram ulike samfunnsaktørar opplever mange krysspress og utfordrande dilemma.I podkasten, der kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester som har noko viktig å seia oss, møter du banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård, stortingsrepresentant Ove Trellevik (H), Kåre Bjorøy i Sartor Drange, forfattar Gunnar Staalesen og statsforvaltar Liv Signe Navarsete. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more28minPlay
October 31, 20252025: Det store jubelåret for FjellkoretEpisode 19 | 2025 har vore og er eit festår for Fjellkoret. Koret starta i 1985 og har 40 årsjubileum dette året. Koret krona jubelåret med det ærefulle oppdraget med oppsetjinga av «Det løfteriket landet». Dette var ein del av programmet for 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika.I denne episoden av podkasten Rådhuset er dirigent Jan L. Jacobsen og prosjektleiar Grete Eide gjester i studio. Dei fortel om festreisa til USA tidlegare i oktober då 200-årsjubileet vart markert i New York der mellom anna kronprins Haakon deltok.- Det var ei festreise, nærast magisk, seier gjestene. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
October 17, 2025- Over all forventning å vera fosterheimEpisode 18 | Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden.- Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita.Ho er ein av gjestene i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.Kontaktperson i barnevernet for fosterheimar i Øygarden, Christine Johannessen Klementsen, seier at fosterheim er ein vanleg heim for barn som tar imot barn som har behov for hjelp og som ikkje kan bu hjå sine biologiske foreldre.- Det viktigaste er at du har hjarterom, seier ho. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more19minPlay
September 19, 2025Offentlege tenester er under pressEpisode 17 | - Vi kan bli tvinga til å utsetja eller å ta vekk offentlege tenester. Det seier professor på NHH, Ola Honningdal Grytten, i denne episoden. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss.Honningdal Grytten seier at med fleire eldre og færre i arbeid, vert vi tvinga til å auka produktiviteten for å skaffa nok pengar til pensjon og eldreomsorg.Professoren meiner Øygarden kommune er heldig som har bra rekruttering, gode skatteinntekter og er tidleg ute med det grøne skiftet.- Det er likevel avgjerande at det grøne skiftet har økonomisk berekraft, seier Ola Grytten Honningdal. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more25minPlay
September 05, 2025Møt to visjonære samfunnsaktørar med beina på jordaEpisode 16 | Peder O. Lie frå Li i Øygarden og Inge Halstensen frå Bekkjarvik i Austevoll har mykje felles. Begge er knytt til eit rikt fiskerimiljø og er profilerte samfunnsbyggjarar.I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør i Øygarden personar som har noko viktig å seia oss. I denne episoden fortel dei to samfunnsaktørane om oppturar og nedturar over fleire generasjonar.- Inge har utvikla den finaste plassen mellom Bergen og Haugesund, seier Peder.- Skal vi utvikla oss, må vi finna dei rette til å utføra oppgåvene, seier Inge.I tillegg til å vera fiskebåtreiarar, har dei i sine lokalmiljø engasjert seg i handel, eigedom, byutvikling, turisme og kultur. Saman representerer Liegruppen og K. Halstensen over tre hundre arbeidsplassar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more24minPlay
June 27, 2025Vestnytt har ei viktig samfunnsrolleEpisode 15 | - Det er ikkje planar om å slutta å gje ut Vestnytt i papir, men det er ikkje sikkert avisa kjem ut i papirformat om 10 år.Det seier redaktør i Vestnytt og Askøyværingen, Leif-Kjartan Bjørsvik, i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.Redaktøren seier at hovudrolla til Vestnytt er å informera, men avisa skal også kontrollera og ettergå dei med makt. Dette gjeld til dømes administrasjonen i kommunen og politikarane.- Det er ei utfordring å få dei nye generasjonane, som er vane med sosiale medium, til å forstå kva redaktørstyrte medium er, seier redaktøren som meiner at tilliten til media generelt er høg i Noreg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more18minPlay
June 04, 2025Nynorskfolket er samla i ØygardenEpisode 14 | Den 3. og 4. juni gjennomførte LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) landstinget på Panorama Hotell & Resort i Øygarden. Vel hundre politikarar, byråkratar og andre språkinteresserte var samla.Vi har i episode 14 av podkasten Rådhuset snakka med fleire av deltakarane på konferansen som hadde den beste oppslutnaden på 14 år. Læremiddel på nynorsk, målbyte, språkbruksplan, oppfølging av opplæringslova og språklova var noko av det nynorskfolket snakka om på språkkonferansen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more31minPlay
May 23, 2025Peter Frølich takkar ØygardenEpisode 13 | - Eg var rørt til tårene då eg såg den store brannbilen rulla over grensa til Ukraina. Det er stas å koma hit og seia tusen takk for bidraget frå Øygarden.Det seier stortingsrepresentant Peter Frølich som er styreleiar og sentral i etableringa av organisasjonen Fritt Ukraina. Kommunedirektør Johnny Breivik har invitert Frølich i denne episoden av podkasten Rådhuset.Det er no tre år og tre månader sidan Russland starta fullskala invasjon av Ukraina. Ifølgje Frølich er Ukraina heilt avhengig av omfattande hjelp frå USA og Europa for at Ukraina skal verta fritt og uavhengig. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more22minPlay
May 16, 2025Det må aldri skje igjenEpisode 12 | - Landet vårt treng eit sterkt forsvar.Det seier styreleiar i Sotra og Øygarden forsvarsforening, Tor Glistrup, i denne episoden av kommunedirektør Johnny Breiviks podkast, Rådhuset.Nokre dagar etter 8. mai og i forkant av 17. mai snakkar dei om tryggleik, forsvar, fred og felles verdiar.- Vi må byggja opp forsvarsevna og forsvarsviljen. Om ti år vil vi få det forsvaret vi burde hatt i dag, seier Tor Glistrup.Saman med kommunedirektør Johnny Breivik reflekterer han over dette og kor viktig det er at vi markerer dei verdiane som samlar folket. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more21minPlay
April 25, 2025Øygarden er ein viktig kommune i VestlandEpisode 11 | - Eg opplever at nye Øygarden kommune er eit fyrtårn og er ein viktig utviklingsaktør i vest.Det seier fylkesordførar Jon Askeland i siste episode av kommunedirektør Johnny Breiviks podkast Rådhuset. Saman med ordførar Tom Georg Indrevik oppsummerer fylkesordføraren fem år med den nye kommunen og korleis Øygarden kan vera ein viktig utviklingsaktør i åra som kjem.Tema i podkastepisoden er korleis fylket og kommunen kan stå saman om viktige samfunnsoppgåver, økonomi, det grøne skiftet, kollektivtransport og utdanning.Fylkesordførar Jon Askeland lovar byggjestart for ny vidaregåande skule i Øygarden i 2028.Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Øygarden kommune vil nytta den krafta det er at vi er ein stor kommune i Vestland. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more25minPlay
FAQs about Rådhuset:How many episodes does Rådhuset have?The podcast currently has 20 episodes available.