Radioselskapet

Radioselskapet 08.06.2012


Listen Later

Etter prøveprosjektet med å la 16-åringar røyste ved val, kan aldersgrensa bli sett ned. Men kvifor blir vi myndige som 18-åringar, penetrerer lovleg som 16-åringar og hamnar i fengsel allereie ved runda 15? Bli klokare på aldersmarkørar i Radioselskapet i dag.
Kort lunsj
Katzenjammer sneiar innom heimlandet før konsertar i heile Europa ventar resten av sumaren. Vi har huka tak i dei og byr på velfortent lunsj. Tenk å fly med den bassen.
EM-trøbbel
Fotball-EM startar i dag i Polen og Ukraina, men har så langt bydd på mest dårleg PR for sistnemnde vertsland. Ikkje berre er det valdelege rasistar blant supporterane, europeiske topp-politikarar nektar å koma så lenge den politiske situasjonen ikkje blir ordna opp i.
Frå rocke-patos til reality-program
Billy Corgan er kjent som frontfiguren i Smashing Pumpkins, men har kome seg vidare i livet – til reality-wrestling.
Sorry, Neil
Vi kårer fyrsteplassen på lista over Neil Youngs verste augneblink.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

RadioselskapetBy NRK