Kinesisk krim
I dag startar rettssaka mot Kinas MacBeth, Gu Kailai er tiltalt for å ha drepe ein britisk forretningsmann. Vi sjekkar kven denne politikarkona eigentleg er og kva ho kan vente seg framover.
Somalias 1814?
Somalia har vedteke utkastet til ny grunnlov, som m.a. forbyr kjønnslemlesting og garanterer skulegang. Blir det endeleg orden i verdas mest lovlause samfunn eller er dette reine utopien? Du kan høgst sannsynleg for lite om Somalia, lær meir i Radioselskapet.
Mitt & the biz
Kvifor er USAs republikanske presidentkandidat uvelkomen i Italia? Svaret er business. Vi tek ein nærare titt på forretningsmannen Mitt Romney.
PhDigital
Skulle du gjerne ha studert ved Harvard eller Princeton? No investerer elite-universiteta i USA store summar for å gjera kursa sine tilgjengelege på nettet – gratis for deg og meg.
Topplista
Lydverkets Trine Sollie kårar 2. plassen på lista over dei største namneforviklingane i musikkbransja.