Innvandrarar vil utgjera 25 % av den norske befolkninga innan 2040. I Oslo blir talet så høgt som 50 %, ifylgje SSB.
Kva land vil dei koma frå? Er dette mykje i forhold til andre europeiske land? SSB kjem i studio og svarer på det du lurer på.
Nyleg sat fleire hundre tusen nordmenn klistra til den danske tv-serien Broen, dessutan utgjer krim nesten halvparten av litteraturen vi kjøper. Og krimmen blir berre meir brutal. Kvifor tykkjer vi drap av born og piggtrådkveling er så god underhaldning?
Den eldste ikkje-kristne lokalradioen i landet – Radio Nova fyller 30 år i dag! Vi inviterer ansvarleg redaktør redaktør anno 2012 på lunsj med ansvarleg redaktør anno 1982.
Dessuten: Høyr om boka som aldri, aldri burde ha vorte film! I dag kårar vi 1. plassen på denne vekas toppliste.