Radioselskapet

Radioselskapet 17.04.2012


Listen Later

Born skjønar også kva rettssaka handlar om, born veit også kven han er. Supernytt kjem i studio og fortel korleis den yngste generasjonen bør bli oppdatert for ikkje å bli livredd.
Prinsesse Diana, Aung San Suu Kyi og Bob Marley er nokre av personane vi får sjå portrettert på kinolerretet i år. Pøsar Hollywood på med biografi-filmar i mangel av betre idear? Det får du vite i Radioselskapet i dag.
"Jeg har arbeidet i 30 år og har lang historie med å være forut for min tid" - orda tilhøyrer kunstaren Pia Myrvold. Når ho endeleg tek ein tur heimom frå bustaden Paris, får vi vite om blikket er vendt framover også når ho plasserer ei bok i Skammens bokhylle.
Geek-verda er framleis i sorg etter at skaparen av Commodore 64 døydde førre veke, same året som den legendariske datamaskina fyller 30. Vi ser på arven etter C64, både i datateknologi, spel og musikk.
Toppliste denne veka: Dei råaste trenarsparking-historiene (Ståle Solbakken kan trygt slappe av).
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

RadioselskapetBy NRK