FORBRUKSLÅN
Stadig fleire unge tek opp forbrukslån for å koma seg inn på bustadsmarknaden. Men hallo – er ikkje forbrukslån dårlegaste dealen sidan Molotov-Ribbentrop-pakta? I dag tek vi for oss lånesituasjonen i Radioselskapet.
APPS
Også Facebook lanserer eige app-senter. Og alle kule smart-TVar har eit utval av apps å velja mellom. Vi ser på app-utviklinga og lurer på kor skeptiske vi eigentleg treng å vera med tanke på personvern.
SKAMMENS BOKHYLLE
Carl-Johan Vallgren er forfattaren og musikaren som blir kalla ein ”påfugl” av Tore Renberg, medan han ser på seg sjølv som ”den siste romantikar”. Kor romantisk bidraget hans til Skammens bokhylle er – det får du vite i dag.
KINA
Det ringer inn til siste førelesing i Kinaskulen - før eksamen neste veke. Det er tid for å dele landet i 4, og oppsummere kva Kina har å by på. Vil du unngå konte-eksamen er dette førelesinga å få med seg. Bli Kina-duks i dag!