Radioselskapet

Radioselskapet fredag 4.mai


Listen Later

Geopolitikk og flaue modulasjonar
1/ Armensk soldat skoten på grensa til Azerbadsjan. 2/ Armenia trekk seg frå Eurovision Song Contest. 3/ Azerbadsjan krev full betaling frå Armenia og bøter i tillegg. ESC har styrka konflikta mellom Armenia og Azerbadsjan. Vi tek for oss dei heftigaste geopolitiske stridene i årets ESC.
Kort lunsj med Turid Birkeland
Kultur, kultur, kultur. I NRK, som statsråd og no rikssjef. Vi stikk på kort kultur-lunsj med nyslått direktør i Rikskonsertene, Turid Birkeland.
Girl of Warcraft
Sett deg ned med eit dataspel, og du blir sannsynlegvis mann. Vi ser på kvinnerepresentasjon og -framstilling i dataspel. Og kvifor spelar jenter gjerne gutekarakterar, medan det er så trasig for gutar å spela jente?
Det dramaturgiske høgdepunktet i sportshistoria
1. plassen i topplista denne veka byr på herleg dramaturgi, forrykande idrettshistorie og opptil fleire personar ved namn Steinar Berthelsen.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

RadioselskapetBy NRK