Leselaget

Revolusjon med Jonas Bals (5:5)


Listen Later

Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. 


Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet til Napoleon i 1799 er framleis ferskt. Fridommen er innskrenka. Dei sosiale skilnadane er enorme. Folket lir, svolt og urettferd framprovoserer frå tid til anna blodige gatekampar der desperate sivile gjer opprør mot politi og myndigheiter.


Mot slutten av romanen lar Hugo oss få bli med inn i eit slikt opprør. Karakteren Marius, den unge og engasjerte kjærasten til Cosette, Jean Valjean si elska fosterdotter, blir nesten drepen i opprøret. 

Er revolusjonens tid forbi? Kven er villig til å gå til revolusjon i våre dagar? Treng vi ein skikkeleg revolusjon? Og kva er vi villige til å risikere livet for?

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

LeselagetBy Det Norske Teatret