Presten Trond

Salmen «Det hev ei rose sprunge»


Listen Later

«Det hev ei rose sprunge» er det nynorske namnet på den folkelege tyske julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» frå kring 1587. Teksten tek utgangspunkt i Jesaja 11,1: Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.[1]

Den mest utbreidde tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet som vart arrangert som firstemmig korsats av Michael Praetorius i 1609. Denne korsatsen dannar grunnlaget for harmoniseringa som er brukt i Norsk Koralbok[2]

Den omsetjinga som er oftast nytta i Noreg vart gjort av Peter Hognestad i 1919 og 1921. Hognestad omsette dei to fyrste versa av teksten frå 1587, og eitt vers av ein annan tekst, skriven av Friedrich Layriz frå 1844. 

Lyd og regi ved Trond Hatlevik Borg

Orgelmusikk og ide ved Brunhilde Engelhardt


...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Presten TrondBy Trond Hatlevik Borg