Studentersamfunnet i Bergen

Samfunnet på radio: Samtale med Systrene Solberg


Listen Later

Stadig fleire kvinner inntek sjefsstolane. To av Vestlandet sine største leiarfigurar er systre, og kom for å reflektere kring kvinner og leiarskap.
I februar er det 12 år sidan dåverande næringsminister Ansgar Gabrielsen tok grep om det mannsdominerte næringslivet. Sjølv om kvotering var, og framleis er eit omdiskutert verktøy, er det liten tvil om at det har sett spor. Enkelte hevdar at vi enno ikkje er i mål, og snakkar om glastak, medan andre meiner at vi bør sjå oss om etter neste utfordring. Kva no?
Kanskje er neste steg kunnskapssamfunnet. Korleis kan dagens studentar vere med på å realisere dette i sitt yrkesliv, og bidra til ei bærekraftig næringsutvikling og fornuftig ressursforvalting?
Erna Solberg har lang fartstid i politikken og blei i fjor haust den andre kvinnelege norske statsministeren nokosinne, og den fyrste bergenske statsminister sidan 1935. Storesyster Marit Solberg er utdanna mikrobiolog frå UiB og er no konserndirektør for oppdrett i Marine Harvest.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Studentersamfunnet i BergenBy Studentradioen i Bergen