For folk og natur

Sei ifrå når du ikkje har det bra på skolen!


Listen Later

Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Dei skal følgje med, gripe inn om det er nødvendig, varsle det dei ser, undersøke sakene og sette inn tiltak.

Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon.

Om du som lytter er i ein situasjon der skolen ikkje har gjort nok i ein skolemiljøsak, kan du ta kontakt med oss hos Statsforvaltaren. Bruk gjerne skjemaet som du finn på våre nettsider.

Med i programmet er rådgivarane Einar Hernborg og Kristin Sundsbø, som arbeider med skolemiljøsaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik er produsent og leiar programmet. Lars Levende Jacobsen har ansvaret for lyden.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

For folk og naturBy Statsforvaltaren i Møre og Romsdal