Veke 22 er over! Det betyr sjølvsagt oppsummering frå oppsummeringspanelet i Vekas beste. I denne sendinga skal vi innom NRK sin sexguide, prevensjonsfrustrasjon, fotball-EM i eldre dagar, og anbefaling av både serie og podcast. Ikkje dumt når det regnar i regnbyen! I studio: Ingrid Gulbrandsen Årdal, Kristian Ophaug Dahl og Guro Wågan.
Kva var det eigentleg som føregjekk førre veke? Vekas beste oppsummerer det heile for deg, slik at du kan legga det bak deg og gjera deg klar for neste veke. Gjengen i Vekas beste er passe morosamme, passe energiske, passe engasjerte og har passe interessante meiningar, så alt ligg til rette for at Vekas beste blir eksepsjonelt god mandagsunderhaldning.
Musikk: Arild Øren Wanvik.