Rådhuset

- Over all forventning å vera fosterheim


Listen Later

Episode 18 | Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden.

- Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita.

Ho er ein av gjestene i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.

Kontaktperson i barnevernet for fosterheimar i Øygarden, Christine Johannessen Klementsen, seier at fosterheim er ein vanleg heim for barn som tar imot barn som har behov for hjelp og som ikkje kan bu hjå sine biologiske foreldre.

- Det viktigaste er at du har hjarterom, seier ho.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

RådhusetBy Øygarden kommune