
Sign up to save your podcasts
Or


Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer i år, og kven gjer ikkje?
Ei episode som har hatt ein uvanleg lang redigeringsfase! I dag: tre land av forskjellig karakter, men med same forbokstav igjen! Konspirasjonsteori, gamle nyhende og blindt raseri er ingrediensar når vi tek turen innom San Marino, Slovenia og Spania. Episoden er tatt opp for ei veke sidan, og mykje har skjedd sidan då. Слава Україні! Героям слава!
Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølge.
Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK?
Nytt år, ny sesong, nye bidrag, nye segment! Lars driv og blandar presto og molto allegro som ein annan amatør, og Hanne lærer bort picolissimo italiensk. I denne episoden går vi gjennom dei tre første og hittil einaste bidraga til den internasjonale finalen: Intelligent Music Project frå Bulgaria med songen Intention, DOMI frå Tsjekkia med songen Lights Off, og Ronela Hajati frå Albania med Sekret. Er standarden for årets ESC høg eller lav, korleis blir dette? Har vi allereie funne årets vinnar? (Nei.)
Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar.
Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med damekorrepertoaret sitt. Hugs å sende inn din profeti for årets topp 26 til [email protected] innan 17. mai klokka 21!
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til Kanne Kalse, takk for samarbeidet så langt og velkomen attende til henne.
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje stimulerer til sakleg samtale, eller ligg problemet hjå programleiarane?
Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?!
From the publisher's feed