Møt Lisa Sønneland Tveden i podkasten Arven vår. Då ho ikkje fann seg til rette på vidaregåande, tok ho eit val mange ville vegra seg for: Ho drog til sjøs. Ombord på skuleskipet Sørlandet opna det seg ei heilt ny verd – med handverk, fellesskap og meistring. Der, midt ute på havet, fann ho retninga si.
Sidan har ho halde fram. Ho har segla på gamle skip, bygd erfaring steg for steg – og til slutt kjøpt sitt eige fartøy: Valkyrien. Ein båt med lang historie, som ho nobåde bur på og arbeider for å ta vare på. For Lisa handlar det ikkje berre om båtar – men om kulturarv, kunnskap og identitet.
I podkasten Arven vår med Pia Wigtil deler ho historia si – om val, motgang, meistring og kjærleiken til kystkulturen.