
Sign up to save your podcasts
Or


Tekst: Matteus 14,1-12. Talen handlar stort sett om to ting: Kristen samlivsetikk og den smerten som dei må leva med som forkynner denne etikken.
Romarbrevet 9,1-5 er prolog til kapittel 9-11 i dette brevet som omhandlar Israel sin posisjon i Guds frelsesplan.
Denne leksjonen handlar om at Den heilage ande ber i oss og for oss. Han kjem oss alltid til hjelp når me kjem i ein skrøpeleg åndeleg tilstand, og det skjer rett som det er. Men han er eit trufast ven som meir enn gjerne fyller alle hol som oppstår i våre bøneliv.
Dette avsnittet er fullt av håp. Ein dag skal me bli reinsa frå all indre vondskap, bli overkledd med uforgjengelegdom og heile naturen skal gjenfødast. Døden skal destruerast, og fred skal råda i heile skaparverket.
Gud er ei oppkome av kraft som han gjerne deler med sine barn. Men ikkje sånn ut frå det blå. Han har gjeve oss nokre kjelder å ausa av, og i denne talen fokuserer eg på Guds ord og Jesu namn.
Når me lever i Guds nåde og kjærleik, får me kraft frå Den heilage ande til å seia nei til synd og freistingar, og til å leva heilage liv.
Jesaja 12 er ein takkesong. Jesaja ser at Israel ein dag skal takka Gud for hans frelse, og forplikta seg på å forkynna denne for heile jorda.
Den heilage ande bur i alle kristne, og hans nærvær i oss konstituerer oss som kristne. Det får oss til å orientera oss mot Gud og hans interesser kvar einaste dag, ja, me blir heilt oppslukte av dette.
Kristne og ikkje-kristne har totalt ulike hovudinteresser. Kristne elskar Jesus og omgangen med han, noko som er heilt fjernt for ein som ikkje har hans ånd.
From the publisher's feed