
Sign up to save your podcasts
Or


Teksten for denne talen finn du i Hebrearbrevet 13,1-6. Der finn du ei rekkje med formaningar som fortel oss korleis me skal leva det kristne livet på ein god måte.
Dette avsnittet frårøvar oss all ære for vår frelse. Den er Guds ære åleine. Det er gjort på hans initiativ frå A til Å. Og ingen kan dømma Gud for å vera urettferdig, rett og slett fordi det er HAN som definerer kva som er rettferdig.
Tekst: Matteus 14,1-12. Talen handlar stort sett om to ting: Kristen samlivsetikk og den smerten som dei må leva med som forkynner denne etikken.
Romarbrevet 9,1-5 er prolog til kapittel 9-11 i dette brevet som omhandlar Israel sin posisjon i Guds frelsesplan.
Denne leksjonen handlar om at Den heilage ande ber i oss og for oss. Han kjem oss alltid til hjelp når me kjem i ein skrøpeleg åndeleg tilstand, og det skjer rett som det er. Men han er eit trufast ven som meir enn gjerne fyller alle hol som oppstår i våre bøneliv.
Dette avsnittet er fullt av håp. Ein dag skal me bli reinsa frå all indre vondskap, bli overkledd med uforgjengelegdom og heile naturen skal gjenfødast. Døden skal destruerast, og fred skal råda i heile skaparverket.
Gud er ei oppkome av kraft som han gjerne deler med sine barn. Men ikkje sånn ut frå det blå. Han har gjeve oss nokre kjelder å ausa av, og i denne talen fokuserer eg på Guds ord og Jesu namn.
Når me lever i Guds nåde og kjærleik, får me kraft frå Den heilage ande til å seia nei til synd og freistingar, og til å leva heilage liv.
Jesaja 12 er ein takkesong. Jesaja ser at Israel ein dag skal takka Gud for hans frelse, og forplikta seg på å forkynna denne for heile jorda.