Bibelen let oss sjå inn i ei tid på jorda som denne verden
aldri før har sett maken til. Det står også dette at vart ikkje desse
dagane forkorta, så vart ikkje noko kjøt frelst. Det betyr at menneske
øydelegg seg sjølv. Antikrist sit imperium vil rakne, og det er ei slik
nød og øydelegging rundt om i verden,- og det kan ikkje samanliknast med
den tida me har idag.
Jesus er verdens håp. Johannes Openberring skildrar også at Jesus sjølv
vil koma. Han kjem til Oljeberget ved Jerusalem. Og hærane i himmelen
fulgte med han. Dei er kledde i kvit lin. Og dette er den same tøyet
som bruden har kledd seg i, så det kan sjå ut som at Jesus kjem saman
med brudeskaren. Og dette stemmer også med andre bibelord.