
Sign up to save your podcasts
Or


Gjest denne veka er forfattar og skribent Bergsveinn Birgisson. Han fortel om garden til besteforeldra, islandske sagaer og det islandske samfunnet. Kan ein finne noko i sagaene som forklarer korleis folk oppfører seg i det moderne Island?
Birigsson melde boka «Island - ei reiseskildring» i Dag og Tid 26. november. Les meldinga her.
Teiknaren i Dag og Tid, May Linn Clement, har skifta tak på huset sitt. Trass i at grøn er ein vanskeleg farge, som ho sjølv skriv i reportasjen sin om takskiftet, er det nettopp denne fargen ho har valt på taket. Me snakkar og om rolla hennar som teiknar i Dag og Tid. Har ho ein person ho likar ekstra godt å teikne?
Reportasjen om det grøne takskiftet kan du lese her (for abonnentar).
Kviterussland har i det siste fått mykje merksemd. Først på grunn av demonstrasjonane i samanheng med presidentvalet i 2020, og no på grunn av migrantane og flyktningane som står på grensa mellom Kviterussland og Polen.
Tidlegare styreleiar i Raftostiftelsen, Martin Paulsen, er gjest denne veka. Han fortel om Lukasjenko, sanksjonane mot Kviterussland og tilhøvet mellom Kviterussland og Russland. Kva ansvar har me for flyktningane og migrantane som no står ved grensa til Polen?
Redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker, skreiv i Dag og Tid 12. november ein leiar om temaet, som du kan lese her. I same avis vart Eirik Christophersen frå Flyktninghjelpen intervjua. Les intervjuet her (for abonnentar).
Vil du lære meir om Kviterussland? Den 30. september var Ane Tusvik Bonde gjest i Dag og Tid-podkasten og fortalde om menneskerettssituasjonen i landet. Søk opp «Ein klappjakt mot journalistar» i podkastappen din.
Håvard Rem skriv no ein ny distriktsserie i Dag og Tid. Denne gongen om Nordfjord. Rem fortel om den gongen han var dreng i Våtedalen, om den tronge porten til Nordfjord og om geiter. Første del i serien kan du lese her (for abonnentar).
Historikar ved Norsk Polarinstitutt, Harald Dag Jølle, har vore på Grønland. Som kvalforskarassistent har han saman med forskarane Christian Lydersen og Kit Kovacs vore på jakt etter grønlandskvalen. I denne episoden fortel Jølle også om «Danmark»-ekspedisjonen frå 1906-1908 der Ludvig Mylius-Erichsen, Niels Peter Høeg Hagen og Jørgen Brønlund omkom. Kva er drivkreftene til dei som risikerer livet for å utforske nye område?
«Dramaet på Nordaust-Grønland», reportasjen som stod på trykk i Dag og Tid 22. oktober, kan du lese her (for abonnentar).
Tyrkia har okkupert fleire område i Nord-Syria dei siste åra, kva slags krig fører Tyrkia og kva er målet? Det skriv Erling Folkvord om i artikkelen «Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria» som stod på trykk i Dag og Tid 8. oktober.
Folkvord reiste til Nord-Syria i august og i denne episoden av Dag og Tid-podkasten fortel han om sine inntrykk frå reisa. Han gir oss òg eit overblikk over korleis situasjonen er i Nord-Syria no. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar).
Den tyrkiske ambassaden har fått tilsendt artikkelen Folkvord skreiv etter reisa si. Svaret deira kan du høyre heilt til slutt i denne episoden.
Cecilie Hellestveit er gjest i denne episoden av Dag og Tid-podkasten. Ho fortel om den amerikanske forsvarsstrategien og kvar den militære teknologiutviklinga er på veg. USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs. Kvar skal Noreg plassere seg når USA og Europa får ulike interesser i Midtausten?
Artikkelen "Enden på krigen utan ende?", som denne episoden tar utgangspunkt i, kan du lese her (for abonnentar).
I den nyaste utgåva av DAG OG TID skildrar redaktør Andrej Dynko i tidsskriftet Nasja Niva livet i eit fengsel i Minsk. Ane Tusvik Bonde kjenner Dynko godt og kan mykje om situasjonen i Kviterussland. I DAG OG TID-podkasten denne veka seier ho at det føregår ei «klappjakt mot journalistar».
From the publisher's feed