
Sign up to save your podcasts
Or


I denne episoden er gjesten vår Kjetil Njærheim, dagleg leiar i Aqua Robotics. Dei lagar robotar for å halda oppdrettsnøter reine. Den mekaniske og lydlause vaskeroboten gjer både fjorden og laksen glad, når dagens alternativ er å bruka enten sterke kjemikalier eller støyande høgtrykksspyling. Med linjer tilbake til både Trallfa og Akva Group er dette ei gründerreise me trur du har lyst til å høyra meir om!
Abonner på Digital drøs, del episoden med nokon som likar teknologi, og legg igjen ei vurdering der du høyrer på.
I episode 4 av Digital drøs har Bjørnar med seg Ole Aarre i Peerlo. Etter å ha gått gjennom ein vanskeleg periode i livet, tok Ole utgangspunkt i eigne erfaringar og gjorde dei om til ein innovativ forretningsidé!
No er han heilt i starten av gründerreisa si med ein app som koblar menneske saman med sine «peers» – slik at dei kan snakka med likepersonar med relevante livserfaringar.
Abonner på Digital drøs, del episoden med nokon som likar teknologi, og legg igjen ei vurdering der du høyrer på.
Inge Brigt Aarbakke drøser med Bjørnar om vegen frå å laga hestesko i smia til sin far, til innkjøp av sin første CNC-maskin (til ein million!) og til det som endte opp i industrisuksessen Aarbakke AS.
Abonner på Digital drøs, del episoden med nokon som likar teknologi, og legg igjen ei vurdering der du høyrer på.
Njål Underhaug deler den eventyrlege historia til Trallfa.
Trallfa, som står for Trallefabrikken, starta med trillebårer, og som eit sideprosjekt gjekk dei i gang med å utvikla robotar – i utgangspunktet for å hjelpa til med lakkeringa av trillebårene. Dette løyste dei så bra, at robotdelen etterkvart vart den største suksessen!
Abonner på Digital drøs, del episoden med nokon som likar teknologi, og legg igjen ei vurdering der du høyrer på.
Dei tre gründerane i Ixys, Vidar Haus, Sven Hatteland og Bjørn Esaiassen, tar oss med på vegen frå modellfly og heimelaga kretskort til ei bedrift med 43 tilsette som leverar kontrollsystem for fjernstyring over heile verda.
Det som starta med leik og fortsatte med eksperimentering har no ført fram til banebrytande kontrollsystem for fjernstyring med bruk av moderne mobil- og satellitteknologi.
Abonner på Digital drøs, del episoden med nokon som likar teknologi, og legg igjen ei vurdering der du høyrer på.
From the publisher's feed
Podkast om teknologi, livet og alt der i mellom. Frå Grensesnitt på Bryne.