
Sign up to save your podcasts
Or


Bryne er klare for kvalifisering om opprykk til Eliteserien etter ein solid 3–1-siger mot Kongsvinger på Bryne Stadion. Dermed var det aldri nokon stor fare for at det skulle gå gale. I ein annan kamp, der Bryne kunne ha trengt litt hjelp, enda det òg godt. Hobberst fekk faktisk med seg meir av den kampen enn Bryne-kampen dei siste ti minutta frå tribuneplass. Dei som var på stadion, skjønar nok kvifor!
Uansett ventar ein ny tur til Skien igjen, både for Bryne og podkastduoen.
I tippekonkurransen gjekk det endeleg vegen, og summen som skal sendast vidare til Barnekreftforeningen er no klar. Det kjem òg andre gode nyheiter frå tippe-spalta!
I dei anonyme spørsmåla ser vi tilbake på sesongen som har vore. Kva var den beste kampen? Kva var det vakraste målet? Og kva redning sit framleis friskt i minnet? Her er det berre å tune inn!
Og du? Det blir sjølvsagt ny episode neste veke òg. Då ventar ein skikkeleg kvalik-episode!
Då er det igjen duka for ein ny episode av Edder & Galle!
Bryne tok med seg alle tre poenga heim frå Høddvoll etter eit skikkeleg målshow frå Luka Fajfric. To ekte hattrick på ein og same sesong er ikkje kvardagskost for ein Bryne-angripar! Men kvar endar spissen på børsen? Heilt på topp, eller?
Det har snudd i tippinga, men det er førebels ingen grunn til å juble. Vi håpar å treffe blink begge to i siste runde og dermed auke summen som går til Barnekreftforeningen etter sesongslutt. I spørjespalta er det ikkje all verda å hente denne gongen, men eit par godbitar har vi klart å grave fram.
I siste serierunde får vi servert alt vi elskar og hatar med fotball. Vi har alt i eigne hender, men dersom vi ikkje skulle klare å gjere jobben sjølve, må vi rette blikket mot ein annan kamp på Austlandet og håpe på litt hjelp. Det er nettopp dette som gjer fotballen så spennande når siste serierunde står for tur!
Vi håpar å sjå deg på stadion. Dette kan bli verkeleg spennande, og forhåpentlegvis skal vi ein tur til Skien før sesongen er over for i år!
Bryne leia med to mål to gonger i seriekampen mot Egersund på Bryne stadion. Begge gongene fekk måla heile stadion til å reise seg med ståpels, men utover i andre omgang forsvann både ståpelsen og optimismen. Tre minutt på overtid fekk EIK ballen i mål igjen og reiste heim med eitt poeng.
Nokre dagar seinare møtte me den same gjengen igjen, denne gongen i cupen på Husabø. Og det gjekk skeis igjen. Eit 1–0-tap, kombinert med håplause defensive involveringar, gjorde ikkje akkurat underverk for humøret. Bryne står dermed midt i ei sur rekkje kampar, der optimismen er vanskeleg å få auge på.
Men sesongen er ikkje over enno! To serierundar står att, og Bryne har framleis ei hand på rattet i kampen om kvalifiseringsplassen. Likevel er det mange som er misnøgde med årets sesong. Podkastduoen stiller derfor spørsmålet: Kva var det eigentleg folk forventa?
Me meiner at Bryne, når alt kjem til alt, bør kunne vere nøgde med plasseringa på tabellen. Samstundes skjønar me godt at det finst sportslege frustrasjonar. Men handlar det eigentleg om at laget treng meir tid, eller er det trenarteamet som må få tid til å setje sitt preg på laget? Kanskje det er der diskusjonen ligg.
Uansett, de er serverte ei ny veke med Edder & Galle!
Det går ikkje akkurat på skinner for Bryne om dagen, og det set nok sitt preg på stemninga i vekas episode av Edder & Galle. To tap og eitt uavgjort kjennest mest som tre strake tap, og det er heller ikkje mykje i det spelmessige som får oss til å rope hurra for tida.
Vi har framleis handa på rattet når det gjeld den siste kvalifiseringsplassen, men skal me behalde den, må Ørjan Heiberg ta grep. Kanskje er det på tide å gjere byta litt tidlegare og vise vilje til å endre kampbiletet før klokka har passert 90 minutt? Det kan fort bli tidenes dårlegaste børs denne veka, så får de sjølve avgjere om me treff blink eller skyt langt over mål.
Me prøver oss sjølvsagt på tipping igjen, men heller ikkje der går det vegen. I tillegg blir det anonyme spørsmål, diskusjonar om me eigentleg er nøgde med sesongen sett under eitt, og usemje om kor mykje betre Bryne kunne ha vore, og ikkje minst kva det kunne ha hatt å seie for tabellplasseringa.
I vekas episode av Edder & Galle er vertane tilbake frå Skien og går rett i studio. På Skagerak Arena fekk Bryne eit lite håp om poeng, både eitt og tre, men fem minutt før slutt fann heimelaget vegen til nettmaskene. Dermed blei det null poeng med heim, og håpet om femteplassen fekk seg nok ein trøkk. Heldigvis ligg Bryne godt an til å få ein ny tur til Skien gjennom kvaliken.
Onsdag ventar Raufoss, ein kamp Bryne skal vinne, med all respekt for motstandaren. Her er det berre å hente heim alle poenga før turen går vidare til Trondheim og oppgjeret mot Ranheim søndag.
I vekas episode tek me ein gjennomgang av begge kampane og ser på kva som ventar Bryne i ei viktig veke.
Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik.
Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen.
Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra frå resten av feltet. I dei anonyme spørsmåla diskuterer vi kvar vi eigentleg meiner Bryne står kvalitetsmessig akkurat no.
Til slutt ser vi fram mot den komande kampen mot Odd på Skagerak, ein stadion Bryne ikkje akkurat har mange gode minne frå.
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid 4–1 siger mot Bjarg. Og som om ikkje det var nok, så blei det full utteljing i Bergen og. Mot Åsane vart det 4–0, og vår nye superspiss hadde allereie ordna seg hattrick etter berre 40 minutt!
Det blir sjølvsagt ein solid børs på gutane.
I tippespalta går det derimot som det har gjort tidlegare, nemleg ikkje heilt etter planen. Ei dobbel U gav dessverre ingen gevinst. Nokon tek lærdom av dette i podkasten. Andre gjer det ikkje. Så får me sjå kven som har rett til slutt.
Denne veka har me ikkje fått inn spørsmål frå lyttarane, men det betyr ikkje at det manglar tema. Gutane har nemleg fleire ting dei skal snakke seg gjennom.
Blant anna skal det jaktast på kvalik. Skal dette ende godt, må kalkulatoren fram, og ein må kanskje rekne med litt «goodwill» undervegs. Det blir og tid til å ta ein nærmare kikk på juvelane på Bryne-midtbana, og kva dei har levert så langt.
Avslutningsvis ser me litt framover mot det som ventar. Hovudstadslaget Lyn kjem på besøk til Jæren, og sjølv om kampen framleis ligg litt der framme, er det aldri feil å begynne å lade opp.
Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere.
For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk.
Anonyme spørsmål er tilbake, og sjølvsagt dukkar katten til Hobberst opp igjen. Det måtte nesten skje.
No ventar Bjarg i cupen før Bryne set kursen mot Bergen og Åsane Arena for seriekamp mot Åsane. Det blir ingen enkel kamp mot eit lag som kan skapa trøbbel, men Per Tore har trua på at Bryne kan ta med seg tre poeng heim.
God stemning? Me får sjå kor lenge det varer.
I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt.
Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter.
Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer.
Til slutt: Vi skal sjå litt på situasjonen til Stabæk og Bryne. Stabæk er med der oppe, medan Bryne framleis har heng på kvalik. Samtidig har Bryne gitt supportarane sine litt skumle utsikter for hausten, så der er det nok av ting å diskutere.
Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde.
Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje skapte ein einaste skikkeleg farleg situasjon gjennom heile kampen.
Som alltid er det sjølvsagt duka for spørsmål frå dykk lyttarar. Vi skal blant anna innom dei nye spelarane som har kome inn i klubben, og ikkje minst: Korleis ser vegen vidare ut? Er det framleis håp om å få Per Tore si tru på kvalifisering til å slå til, eller er det Hobberst som får rett når han spår at Bryne ikkje vil klare det i år?
From the publisher's feed
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei…