Firdaposten

Firdaposten

By firdapostenNews
Download on the App Store

All Firdaposten episodes

  • To idioter i karantene etter møte med hemmeleg beundrar i Førde
    Etter ukevis med iherdig kamp, er håndduken kasta. Podcasten har standardisert seg som ein timelang affære. Denne gangen har podcasterane til FK Tempo løfta blikket opp frå nasetippen, og invitert ein gjest frå utforbi klubben. På "besøk" i studio, er ingen ringare enn journalisten, podcastaren og den prisvinnande bloggaren Arne Hjorth Johansen.
    I dagens episode er det Førde sitt tredjelag i 6.div som skal under lupen. Det blir også delt erfaringar rundt den historiske rivaliseringa med nabobyen i aust, og den sedvanlege kritikken av Florø fotball.
    I tillegg til dette, får ein lære at Benjamin ikkje er åleine om å være idiot på bana, at det er store likhetstrekk mellom to av dei tre i studio, at ein potensiell date er i emning, og at det er grobunn for nye og spennande overgangssagaer i tida framover.
    1 hr
  • – Vi har alle eit ansvar for å kjempe mot radikalisering. Elisabeth Harnes frå RVTS er gjest i Podcast-studio
    Korleis kan vi forstå, og korleis kan vi forebygge radikalisering? Det er slikt Elisabeth Harnes frå  Ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) jobbar med. Denne veka var ho i Florø for å være med inkluderingskonferanse i regi av Kinn ressurs og utdanningssenter, og vi var heldige å fekk lurt ho med oss inn i podcaststudio for ein prat.
    43 min
  • Hyllestad bortdømt av Naustdøling i dongerijakke
    Etter at forrige ukes podcast utfordra grensa for kor lenge den gjengse mann i gata gidder å høyre anekdoter om eit 6.divisjonslag, vart antall gjester denne gangen redusert frå to til ein.
    På tross av nedskjæring i antall gjester, og heftig klippevirksomhet, endte podcasten likevel opp med å bli ein endå lengre enn sist.
    Dagens gjest, er ingen ringare enn quizmaster og yogaentusiast, Jon Håvard Strømsnes. Som tidlegare leder av Stimen, blir det i dagens podcast retta eit ekstra stort fokus på stoda i Florø fotball.
    Kort oppsummert, vil neste podcast sannsynlegvis starte med at Kristian og Benjamin nok ein gang må legge seg langflate på oppfordring frå øverste leder i Florø Fotball.
    Det blir sjølvsagt også ein heil del snakk om FK Tempo, treningskampen mot Tambarskjelvar, divisjonskollega Hyllestad og siste nytt i den neglebitande Book-sagaen.
    1 hr 7 min
  • Norgesmester inviterer Tambarskjelvar på kjendisfest
    Etter braksuksessen med Ole-Kristian i studio forrige uke, vart det i dinna episoden fullstendig overtenning, med to pratesjuke Tempo-legender på visitt i Firdaposten sine lokaler.
    Det blir framføring av Limerick, til svært blanda mottagelse, anekdoter om då norgesmeisteren i biljard måtte abdisere, kjendisfest og ein skokk med andre røverhistorier.
    I ein episode der redigeringsansvarleg måtte jobbe overtid for å få pressa materialet til under ein time, tar dei også for seg Tambarskjelvar, Florø fotball og siste vending i den nervepirrande Book-sagaen.
    1 hr
  • Ungdomspolitikarane Ina Brendø og Dina Bovim er gjester i pludrepodcasten
    Er det nokon skilnad på julemarsipan og påskemarsipan? Og er det eigentleg nokon skilnad på Ina og Dina, om ein ser bort ifrå den eine bokstaven?
    Det får du svar på i vekas podcast, der ungdomspolitikarane Ina Martine Brendø og Dina Bovim er gjester. Dei fortel dårlege vitsar. Dei fortel om kor vanskeleg det er å lære ungdomspolitikarar frå Måløy om forholdstal. Dei fortel kor vanskeleg det er å ta båten til Måløy. Og kven er eigentleg deira politiske forbilde?
    Ta ein lytt på vekas podcast og bli betre kjend med to av byens mest sentrale ungdomspolitikarar.
    37 min
  • Med mafiastilongs og Gaularsixpence var krampe uungåelig
    Etter å ha bergtatt 3% av Florøs befolkning med debuten som podcastera, er gutta frå Tempo tilbake med ein ny episode.
    Denne gangen er Ole-Kristian gjest i studio, og deler sine erfaringa i Tempo, med mafiaen og sin forkjærleik dei alltid tidsriktige klesplaggene stilongs og sixpence.
    Episoden inneholder også Kristians krampeaktige debut som poet, og Benjamins forsøk på å komme i Guinness rekordbok for hyppigst bruk av ordet "yes" i ein norskspråkleg podcast.
    I ein episode der 20% måtte klippast vekk og sensuren vart tatt i bruk for første gang, tar dei også for seg Gaular fotball, kor vidt Kristoffer Booka bussbillett til Eikefjord, samt eit par tygger med humble pie etter ein reprimande frå øverste hold i Florø fotball.
    34 min
  • Viral sparkesykkel observert i Eikefjorden
    I denne flunkande nye podcasten om FK Tempo, tar to av klubbens største ringreva, i moderne historie vel å merke, på seg oppdraget med å snu supply and demand-prinsippet fullstendig på hovudet, og tvinge fram eit behov blant Firdapostens lesarar til å halde seg oppdatert på kva som skjer i ein ganske middelmåtig 6. divisjonsklubben kvar veke.
    Første episode startar med at vi, i all vår audmjuke, kastar lys på våre eigne innslag i lokalavisa, på godt og vondt. Kvifor dukka ein noksagt som Kristian Vårdal plutseleg opp i Twitter-feeden til blant anna Bernt Hulsker, Bård Tufte Johansen og Ole Rolfsrud? For ikkje å snakke om den gangen Benjamin Eggen, med ein kastearm byen ikkje har sett makan til sidan Magne Føleide sine velferdsdagar på 60-talet, klarte å skape store overskrifter med nøkkelorda «sparkesykkel» og «russebuss».
    Utover i episoden, snakkar vi om våre kjære naboar og 6. divisjonskollegaer, Eikefjord IL. Her blir det eit par nye turar ned memory lane, også denne gong på godt og vondt.
    Blant anna om den gongen det brennheite lokalderbyet, sannsynlegvis for første og siste gang, var å finne på oddsen.
    Vi tek også føre oss problematikken med at Eikefjord til stadigheit klarar å lokke til seg spelarar frå FK Tempo, og kva dette kan komme av. Avslutningsvis snakkar vi også litt om Sunnfjords flaggskip på fotballbana, Florø Fotball. Kva synest eigentleg folk, og kanskje spesielt vi då, om utviklinga i Florø Fotball om dagen? Innimellom alt dette, kjem det så klart ein heil del digresjonar og avsporinga. Forhåpentlegvis til glede for lyttarane.
    38 min