Må religiøse personar, som andre, ta innover seg, og tilpasse seg, dei grunnleggjande fordringane i moderne, vitskapsbaserte samfunn? Og dersom dei ‘må’, er det då ut frå eigne gyldigheitspretensjonar, eller også av ansvarsetiske grunnar, i ei verd i krise? I så fall, kan eit vitskapsfilosofisk perspektiv fungere som eit supplerande og korrigerande bidrag i forhold til det vi gjerne høyrer frå religionsvitarar og teologar?