På kvinnedagen byr me på eit møte med ei tøff kvinne som begynte å klatra oppover karrierestigen i oljebransjen, men som valgte å klatra ned igjen for å komma seg permanent ut i friluft. Hanne Bovitz er bestyrar på Haukeliseter og tek oss med på tur i sitt rike. Med på turen er Brita Gundersen frå Stavanger Turistforening og reporter Helge Søfteland.
Er elevane i ungdomsskolen for lite ute i naturen? Går det an å bruka naturen meir som klasserom? Me har vore innom en 8. og 9. klasse ved Tveten ungdomsskole i Porsgrunn som samarbeider med Sverre Siljan og Telemark Skogselskap om valgfag i friluftsliv. Helene Dahl er nyutdanna i friluftsliv og var hjelpe-lærer på en dag i skogen der bålet nok varma godt etter strabaser på ein guffen regntung dag med råtten snø. Og ein slepp ikkje heilt unna papir sjølv om ein har undervisning ute i skogen. Med lærar Henrik Andersen.
Viltlova blir no justert og skal gje bedre dyrevelferd. Eit utvalg har lagt fram innstilling og Stortinget skal vedta endringarr. Webjørn Swendsen frå NJFF er i skogen med Arnulf Møllerstad.