Friluftsperla Dømmesmoen i Grimstad har både utmark og innmark, ra og rike skogar pluss ein stor og innhaldsrik park og urtehage frå tida som gartnarskule. I fjor blei det kåra til årets friluftsområde i kommunen. Over 20 økosystem med ulikt klima, jordsmonn og plantesamfunn kan du oppleve langs turstien ved og på raet frå siste istid. Eit høgt utsiktstårn er bygd på dugnad, og frå toppen ser du både skogkledde Grimstad og storhavet mot Danmark. Turstien endar i Ibsens urtehage, som er gjenskapt etter hans tid som apotekarlærling i Grimstad.