Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Friluftsmagasinet 07.05.16
    Rett ved vegen i Vennesla ligg eit nydeleg vatn rikt på abbor og aure. Vi prøvar fiskelykka og får gode råd og tips av damer i Vennesla jeger- og sportsfiskerforening. Dei er blant mange lag rundt om i landet som arrangerer fisketurar kun for jenter, av mange gode grunnar J Reporter Helge Søfteland får køyrt seg om bord i MB Sjølsøkk når Friluftsrådet Vest arrangerer aktivitetsdag på Lindøy. I dag er det også 12 timars direktesending på NRK2 frå Saltstraumen i Bodø, som er ein av verdas kraftigaste tidevasstraumar. Vi høyrer kva for spektakulære bilete vi får sjå minutt for minutt.
    43 min
  • Friluftsmagasinet 30.04.16
    Nisene beitar der silda står tjukk, og tjelden flørtar på holmane. Vi tjuvstartar på neste helgs strandryddedag saman med SNO. Statens naturoppsyn plukkar opp farleg søppel som flyt rundt i havet, og sjekkar korleis fuglar og dyr har det i skjærgarden. Vi får også tips til god og enkel turmat i denne sendinga. I natt blir det eiga fuglesending på P2, med morgonstemning i fuglanes rike rundt om i Europa. Også frå tiurleik på Voss.
    42 min
  • Friluftsmagasinet 23.04.16
    Eit æresmedlemskap i Turistforeininga heng svært høgt, no har Hordaland fått sitt første kvinnelege æresmedlem, sprek som få! Kirsten Svanøe Søgnen tek oss med på tur i sitt nærmiljø og fortel om spennande turar høgt til fjells i både inn- og utland. Snart er det også tid for folkevandringsfest i fjella rundt om i landet, når turlaga arrangerer 7-fjellstur og liknande. I denne sendinga får vi også høyre om gjeddefiske austafor, i Øyeren.
    39 min
  • Friluftsmagasinet 09.04.16
    Turorientering gjer søndagsturen ekstra spennande, på jakt etter raude og kvite postar med kartet i neven. No er våren og sesongen i gang att rundt om i landet, vi blir med Gneist IL og heng opp postar. Finn du mange nok fram til hausten, kan det vanke gjeve metall. Helge Søfteland er på snøholetur i Trollheimen i dag.
    46 min
  • Friluftsmagasinet 02.04.16
    Kajakkturar på Sognefjorden, toppturar på høgfjellet, dykking og breturar - friluftslivstudiet i Sogndal byr på det meste. Rundt leirbålet i fjæra fortel friluftslivstudentane om lærerike turar på godt og vondt. Friluftsliv styrkar kropp og sjel, spesielt når ei gruppe må samarbeide og dermed opplever meistring gjennom ulike turoppgåver.
    Vi skal også møte ein konkurransefiskar som skal forsvare dei norske fargane i flogefiske-VM i USA til hausten.
    42 min
  • Friluftsmagasinet 26.03.16
    Finsehytta til Turistforeininga er populær året rundt, også i påska. Vidstrakte, kvite fjell og vidder med fjellvatn og villrein lokkar turistar frå aust og vest. Der trenar også Røde kors kvart år på redningsaksjonar i tøft vinterfjell saman med naudetatar som politi og brannvesen, så påska blir tryggare for oss andre.
    Påsketuren vert ekstra innhaldsrik om ein gjer som Sveinung Klyve, han kombinerer skitur og hubro-lytting. 70 meter oppe i ei utilgjengeleg fjellside lever han, einsamt tutande natt etter natt. Å sjekka opp hubro-damer er vanskeleg…
    43 min
  • Friluftsmagasinet 19.03.16
    Havsalat, skjel, strandsnegl og strandkrabbe gir eit herremåltid i fjæra. Vi plukkar fjæremat i Arendal saman med Havforskingsinstituttet. Stillehavsøstersen er også ei delikatesse, men brer raskt om seg og øydelegg vårt naturlege kystmiljø. Hummaren får vekse seg stor og talrik i eit lite, verna område, dermed får vi etter kvart meir å fiske på.
    10-klassingar frå Ajer er med Hamar naturskule ut på trugetur. Dei skal innom mange postar før det blir trerettars over bålet. Elevane får testa kunnskapen om allemannsretten og bålfyring i snøen på Hedmarksvidda.
    42 min
  • Friluftsmagasinet 12.03.16
    Vi hoppar i båten med Os dykkarklubb når dei skal ut på dagens dykk. Vi får høyre om salige opplevingar og rik natur nede i sjøen, og om skumle skapningar dei stundom møter på. Etter 40 minutt nede i Bjørnafjorden med harpun kjem dei opp att med både fisk, krabbe og skjel i fangstnetta. Rå kamskjel er løna på båtturen heim att. Vi skal også vere med på revejakt i dag, dei lokkar på reven men endar opp med å drive fangst på eit heilt anna dyr.
    43 min
  • Friluftsmagasinet 05.03.16
    Kalvehageneset i Grimstad er eit friluftsområde rikt på dramatisk natur og historie ut mot Skagerrak, tilrettelagt med sti for rullestol og barnevogn. På den andre sida av det store neset, mot Homborsund, finn vi lune skogar, ei nøtterik hassellund, ei utømmeleg vasskjelde og sjeldne planter. Vi skal også høyre frå Norsk jeger- og fiskarforbund, som fortel at det framleis trengst kalking i mange vassdrag. Sur nedbør høyrde ikkje berre 70-talet til.
    40 min
  • Friluftsmagasinet 27.02.16
    Både nye og erfarne jegerar treng skytetrening og justering av våpen før jakt, vi er på Farvannet leirduebane i Kristiansand. Der er også ungdomen Marius som er lam og sit i rullestol, men det stoppar ikkje han i å vere med på jakt. Reporteren startar jaktkarrieren med leirdueskyting…I dag skal vi også treffe ein av landets yngste men mest erfarne friluftsfolk, ein seksåring som nyleg sov ute åleine i 27 minusgrader.
    43 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.