Vi er med Statens naturoppsyn i båt ved Fedje og høyrer korleis dei er med på å sikre oss ein frodig og artsrik natur. Blant anna ved å fjerne den svartelista minken, som et både sjøfuglar og egg i hekketida. På oppdrag frå Miljødirektoratet kjem oppsynsmannen tett på det rike dyrelivet i kystsona, som spekkhoggar og hjort, havørn og oter, sel og sjøfugl.
Kulden stoppar ikkje elevane frå Fjell ungdomsskule, som har alternative skuledagar i skjergarden langs Sotra. Elevane ordnar seg fersk lunsj frå eige garn, som blir grilla over open eld.