Share Gjengevoll Pludrecast
Share to email
Share to Facebook
Share to X
By Gjengevoll Mangesysleri
The podcast currently has 140 episodes available.
Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen.
Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd.
Nytt i år er at vi oppskalerer eggeproduksjonen og har mål om å byrja å ha hønsa på beite rundt omkring på eigedomen. No er dei gamle hønsa i drivhuset og 40 nye høner i fjøset, og begge deler må tømmast i løpet av dei neste vekene, så då må vi byggja ferdig dei mobile hønsehusa dei skal bu i. Travle tider!
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :)
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen.
I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Årets mest ettertrakta (?) episode!
I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lærdomane vi har gjort?
Fest setebeltet og gjer deg klar for ein episode fullspekka av tal og godsaker!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss.
Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påmeldinga har opna no! Kurset har oppstart 5. februar, og du kan lesa alt om det på denne sida: https://gjengevoll.no/digitalt-mangesyslarkurs/
Elles er Kjetil på jakt etter deltidsjobb, vi snakkar litt om salskanalar og moglege endringer i drifta, og - sist, men ikkje minst - ei snømus (!) har flytta inn i kjøkenskapet vårt.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Jula og solsnu nærmer seg med stormskritt, og vi er to slitne bønder som byrjar å sjå lyset i enden av tunnellen.
Det har vore ein travel haust og ein røff desember, og vi har fokus på å stå løpet ut fram til julefreden tek oss. I denne episoda prøver vi å muntra oss sjølv opp med å tenkja på kva vi er takknemleg for no når vi står midt i julestria.
Vi takkar alle våre lyttarar for å ha holdt følgje med oss gjennom 2023. Riktig god jul, så snakkast vi på nyåaret!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Vi speler inn denne episoda etter dagens lefsebakst. No er det snart desember og julemusikken har fått lov til å entra produksjonslokalet medan vi står og baker.
Mari bruker lefsebaksten til å reflektera over livet som bonde og som mangesyslar. I jakta på lønsemd og draumen om å skapa sin eigen jobb, kan det vera lett å gløyma seg sjølv og kva som eigentleg er grunnen til at ein valte eit slikt liv i utgangspunktet. Mykje kan vera både lurt og lønsamt, men det er arbeid og oppgåver som ein eigentleg har lyst til å fylla heile livet med?
Vi leser opp ein kronikk av gode Kathrine Kinn om kor bekmørkt det ser ut i landbruket for tida, og snakkar litt om nokre spørsmål:
Må ein jobbe døgnet rundt viss ein vil vera bonde?
Går det an å få til mangesyslarlivet på ein annan måte?
Kva er det eigentleg som er viktig for ein i draumen om eit liv på landet?
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Ja, vi er her framleis, skjønt det har vore stilt frå denne kanten ei stund.
Det har vore ein del som har skjedd, mellom anna ein del farting fram og tilbake og mykje introspeksjon, men no er vi i gong med juleinnspurten og all bakinga som skal gjerast fram mot jul.
Elles:
Mari har vunne EM i kor!
Vi har flytta hønsa ut i drivhuset for vinteren.
Og vi held på å rydda og mala litt i huset.
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
I går sendte vi avgarde årets lam og sauer til slakt. Der vi tidlegare år har slakta ganske få dyr sidan vi har bygd opp flokken, slaktar vi i år ganske mange: sytten stykk. Og blant dei er nokre av dei vaksne sauene og. I denne episoda tek vi særleg farvel med gjerdehopparen Fride, dottera hennar Aurora og fjorårets flaskelam Valeria. Fride har vore med oss frå start, og det er ekstra tungt å ta avskjed med dei som har fått ein spesiell plass i hjartet.
På den positive sida, har Mari fått bilen sin tilbake frå verkstaden og er tilbake på trening igjen for fyrste gong på tre (!) månadar. Framover ser ho fram til ein litt meir balansert og energisk kvardag.
Og! I helga var vi på bondens marknad i Bergen for fyrste gong. Oppsummert: Vått og vindfylt!
Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på:
Facebook: Gjengevoll Mangesysleri
Instagram: @mangesysleriet
Epost: [email protected]
P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794.
Vi har gjennomført vårt fyrste introduksjonskurs for mangesyslarar!
Vi samla ein ordentleg triveleg gjeng med ulike folk som hadde det til felles at dei ønsker seg eit annleis og naturnært liv utanfor hamsterhjulet. Vi jobba, snakka, draumte og delte tankane våre ei heil helg i lag, og stemninga var heilt nydeleg.
Dette gav meirsmak, og no tenkjer vi på korleis vi kan tilby fleire kurs framover og vidareutvikla konseptet.
Elles: No er det haust, og med det kjem klipping, utrangering, slakt og planlegging av paring og vinterfôring for sauene. Plutseleg!