Olsen & Jensens visepod

Heime hos Jørgen Sandvik


Listen Later

Her kjem ei relativt spontan sending, viss det går an å seia sending i podcastbransjen. Femårsjubileum står for døra om få dagar, og me har invitert oss heim til den første artisten som blei booka inn til viseklubben i 2011. Me snakkar om Jørgen Sandvik, og me er i Grovaåsen på Stord. Her lærer me at Sandvik eigentleg kjem frå Fredrikstad. Og han lærer oss at ein ikkje treng Lillebjørn Nilsens gitarbok for å bli ein habil gitarist. I tillegg til mykje, mykje meir om både Sandvik og Real Ones. Me får også litt input om korleis ein Guinness skal tappast. I serien "Olsen og Jensens ringer en venn" møter me ein stjernevokalist som hausa opp banjospelaren Jørgen Sandvik framfor eit forventningsfullt publikum sør på kontinentet for sikkert 12 år sidan.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Olsen & Jensens visepodBy Olsen & Jensens viseklubb