Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

By Høgskulen i VoldaEducation
Download on the App Store

Høgskulen i Volda episodes

  • #7 Korleis går det med studentane?
    (Del 2 av temaepisoder knytt til Verdsdagen for psykisk helse) Psykolog Vidar, studentrådgjevar Eli Anne og studenthumanist Lone snakkar om korleis studentane i Volda har det no under koronatida. Og kva utfordringar og tema kjem dei og snakkar med oss om? Og er det alltid bra å vere open om at ein slit? Og kven kan ein snakke med når ein har det vanskeleg som student? Og kva er forskjellen på ein studentrådgjevar, studenthumanist og psykolog? Og kva har vi felles?
    Og om det er akutt, enten for deg eller andre, kva skal ein gjere da?
    26 min
  • #6 Verdsdagen for psykisk helse
    Laurdag 10. oktober er det Verdsdagen for psykisk helse, og i denne episoda av Podkrastinasjonen har vi snakka med psykolog Vidar Myklebust om kva psykisk helse er, og årets tema for Verdsdagen: Ver merksam, vis interesse, spørr meir. Kvifor er det så viktig? Og korleis gjer vi det? Og kvifor er det kanskje ekstra viktig akkurat no?
    (Temaet psykisk helse går over to episoder, og neste episode handlar om studentane si psykisk helse og når ein treng nokon å snakke med.)
    23 min
  • Hjernefor
    Hjernefôr med Chalak Kaveh tar denne gangen for seg temaer som konspirasjoner i koronaens tid, frihetsidealer, om vårt forhold til døden og ikke minst om tro og livssyn. Mine samtalepartnere er Kaja Melsom og Didrik Schjerven Søderlind. Denne episoden av Hjernefôr er en del av Forskningsdagene 2020.
    58 min
  • #5 Helena – Big city girl eller fjellgeit?
    Journalistikkstudent Helena legg bak seg ein hektisk sommar og semesterstart med sommarjobb i NRK Innlandet og som styreleiar i Faddervekastyret. Ho er no på siste året som journalistikkstudent og fortel oss om sine opplevingar og tankar om å finne seg til rette som student i Volda. Ho kallar seg sjølv for ei «big city girl» som no, det siste året i Volda, endelig skal finne si indre fjellgeit. Mange fine tankar og tips til nye og gamle studentar. Einaste tipset vi har å gi tilbake – er å ikkje kalle fjella på Sunnmøre for «marka»
    32 min
  • #4 Alexander – aldri meir student?
    Alexander er no ferdig utdanna lærar i blant anna musikk, historie og religion, og han har innsett at han noko ufrivillig må flytte frå Volda for å få drømmejobben. Kva tenkjer han om det? I løpet av åra som student har han opplevd mykje av det fine og utfordrande i studentlivet. Kva har han lært om å vere student? Ville han gjort noko annleis om han kunne begynt på nytt? Og kva er viktig for at han har det bra, uansett kvar han er og kva han gjer?
    46 min
  • #3 Studentane + biblioteket = sant
    Hurra! biblioteket er opna igjen! Studentane har sakna biblioteket, og biblioteket har sakna studentane!
    Vi har snakka med tidlegare student Elin, som no jobbar på biblioteket. Blant grønne planter og bøker er ho og dei andre bibliotektilsette klare for å hjelpe studentane. Men med kva?
    Kva kan studentane bruke biblioteket til? Og kvifor er det ein så fin plass å vere som student? Mange studentar får jobba godt, samtidig er det også mulig å føle seg heime og å slappe av. Nokon har til og med kanskje følt seg litt for heime? ;)
    38 min
  • #1 Trym og den nye studiekvardagen
    Vi er i gong!
    Studenthumanisten Lone tek turen til studentrådgivar Eli Anne, Dei har laga vaflar til musikkstudenten Trym og vi gler oss til å høyre svaret på: korleis ser kvardagen hans ut no? Får han skrive noko på bacheloren sin? Har han struktur på dagen? Og kva er det teitaste han har utsett i det siste?
    51 min
  • #2 Aksel og heimeeksamen
    Fysteårsstudent Aksel går journalistikk og har vore litt «avslått» dei siste vekene. I morgon skal han ha heimeeksamen og treng å vere på. Kva gjer Aksel for å bli klar for ein heimeeksamen? Er han nervøs? Kva er det verste som kan skje? Og er det innafor å sitje i slåbroken i senga, eller burde han ta på seg finskjorta og leige inn ein pensjonist som kan følgje han på do?
    40 min

About Høgskulen i Volda

From the publisher's feed

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er…